«Kva er eigentleg oppteningstid?»

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Kva er eigentleg oppteningstid
Det er eit omgrep dei flest har høyrt om, men kva betyr det for deg? Foto: iStock.

Vi fekk eit spørsmål her for litt sidan om kva oppteningstid er og kva den betyr for alderspensjonen. Det er eit omgrep som blir brukt mykje og treng å bli utdjupa.

Spørsmålet kom inn som eit svar på Pensjonsbloggen sitt nyheitsbrev. I blogginnlegget som vi sende ut til alle abonnentane våre, snakka vi om forskjellen mellom dagens ordning og den nye offentlege tenestepensjonen. I eit avsnitt skreiv vi om kva som vil skje med oppteningstid.

Vi tek ein kjapp gjennomgang av kva oppteningstid er og kva det blir brukt til:

Oppteningstida fortel kor lenge du har vore medlem

Den tida du har vore medlem i ei offentleg tenestepensjonsordning er det som blir kalla oppteningstid. Er du tilsett i staten eller jobbar som lærer, vil arbeidsgivaren din melde deg inn hos oss og sende inn rapportar som vi treng for å kunne utrekne alderspensjonen når du skal gå av. Full oppteningstid er 30 år.

Kor lenge kan du vere medlem? Det som kan påverke medlemskapet er aldersgrensene i staten. Full oppteningstid er ikkje ei øvre grense for medlemskapet.

Du kan få oppteningstid sjølv om du er i permisjon

I visse tilfelle kan du få oppteningstid sjølv om du er nøydd til å gå ut i permisjon. Det kan vere at du må pleie sjuke familiemedlemmer, som foreldre eller barn. Så lenge permisjonen går under permisjonsavtalen vil du få opptening som om du var i arbeid.

Du får oppteningstid sjølv om du har uførepensjon

Har du uførepensjon frå oss får du medrekna oppteningstida du kunne fått dersom du hadde vore frisk og kunne stått i stillinga di fram til du når aldersgrensa som gjeld for deg. Kunne du for eksempel oppnått 30 år ved å fortsette i stillinga til du blei 67, vil du få full oppteningstid.

Oppteningstida følger deg om du skiftar jobb i offentleg sektor

I det offentlege er du omfatta av overføringsavtalen. Det gjer at dersom du har jobba i fem år i ein kommune og så skiftar du jobb til fylkeskommune der du jobbar i tre år, før du får deg jobb i staten, følger oppteningstida deg.

Dei åtte åra du hadde før du skifta jobb ligg der frå før og du vil fortsette å bygge den opp så lenge du er medlem i ei offentleg tenestepensjonsordning. Sluttar du helt i det offentlege og begynner i privat sektor, vil oppteningstida ligge der helt til du skal gå av med pensjon.

Kva har oppteningstida å seie for pensjonen?

Oppteningstida blir brukt som ein del av pensjonsberekninga den dagen du blir alderspensjonist. Oppteningstida er ein av tre faktorar vi bruker, og som er 1) oppteningstid, 2) stillingsstorleik og 3) pensjonsgrunnlaget (lønna du hadde da du slutta).

Oppteningstida blir sett opp mot det som i dagens ordning er full oppteningstid. Pensjonen blir redusert om du har lågare oppteningstid enn 30 år. Det vil seie at har du jobba i 20 år i ei stilling med medlemskap i Statens pensjonskasse, vil oppteningstida vere 20/30-delar.

For somme vil omgrep oppteningstid «forsvinne»

Som du sikkert har fått med deg er det store endringar på gong innan offentleg tenestepensjon. Det fører til at for somme årskull så vil omgrepet «oppteningstid» slutte å gjelde. I alle fall fram til du ein dag skal pensjonere deg.

Alle som er født i 1963 og seinare skal frå 2020 over på ei ny løysing der oppteningstid ikkje lenger blir ein så viktig del av utrekninga av pensjon. Da er det ikkje lenger ytingspensjon som gjeld, men påslagspensjon.

Oppteningstida vil delvis gjelde for deg som har vore medlem i ei offentleg tenestepensjonsordning før 2020. Da vil få utrekna ein samla pensjon etter dei gamle og dei nye reglane. For dei gamle reglane vil oppteningstida påverke kor stor pensjonen din blir.

NB: Det er viktig å hugse at reglane for ny offentlege tenestepensjon ikkje er vedtekne.