Ny livsvarig AFP i offentleg sektor

Close up photo of cool pensioner riding his bike with air wind blowing wearing white jumper sweater isolated over red background
Er du fødd i 1963 eller etter, blir AFP ein livsvarig tilleggspensjon som kan takast ut fleksibelt mellom 62 og 70 år. Du kan også jobbe og få AFP samtidig. Foto: iStock.

AFP (avtalefesta pensjon) i offentleg sektor får no eit heilt nytt regelverk som vi kallar livsvarig AFP. Livsvarig AFP gjeld for alle som er fødde 1963 eller seinare, og baserer seg på regelverket for AFP i privat sektor.

Stortinget sitt vedtak til lov om livsvarig AFP blei godkjent i Kongen i statsråd 12. april. Reglane for livsvarig AFP vil gjelde frå 2025, når dei som er fødde i 1963 fyller 62 år. 

Bortsett frå namnet, er nytt livsvarig AFP og AFP for deg som er født 1962 eller før to heilt ulike ordningar. Det er ulike reglar, ulike vilkår og ulik opptening. 

Frå førtidspensjon til livsvarig tilleggspensjon 

«Gammal» AFP i offentleg sektor er ein førtidspensjon. Den vil framleis gjelde for deg som er født i 1962 eller før, uansett fødselsår. For at du skal få utbetalt heil eller delvis AFP krev denne ordninga at du sluttar heilt eller delvis å jobbe før fylte 67 år.  

Slik blir det ikkje for yngre årskull. Er du fødd i 1963 eller etter, blir AFP ein livsvarig tilleggspensjon som kan takast ut fleksibelt mellom 62 og 70 år. Du kan også jobbe og få AFP samtidig.

Merk at fram til detaljane i forskriftene er på plass, har vi ikkje moglegheit til å opplyse nærmare om vilkåra for livsvarig AFP. Foreløpig er det heller ikkje mogeleg å få berekna prognosar frå kundesenteret vårt.  

Hovudforskjellar mellom livsvarig og «gammal» AFP 

Her ser du hovudforskjellane mellom livsvarig AFP for deg som er født 1963 eller etter og AFP for deg som er født 1962 eller før:

Livsvarig AFP for deg som er født i 1963 eller etterAFP for deg som er født i 1962 eller før
Ingen tidlegpensjonsordning. Du kan ta ut AFP og fortsette å jobbe.Ei tidlegpensjonsordning. Du må slutte i jobb eller redusere stillingsstorleiken for å ha rett til AFP. Formålet er å dekke inntekt som fell bort på grunn av redusert stillingsstorleik. 
Frå du er 62 år kan du velje når du vil ta ut livsvarig AFP. Det er ikkje noko seinaste uttakstidspunkt. Du må vere mellom 62 og 67 år for å ha rett til AFP. 
Du får utbetalt livsvarig AFP så lenge du lever. Du har AFP til du er 67 år – da går du over på alderspensjon.
AFP er livsvarig og blir utbetalt i tillegg til alderspensjon.AFP kan ikkje kombinerast med alderspensjon.
Livsvarig AFP er ei 100 prosent yting, ho kan ikkje takast ut gradert. AFP for deg født i 1962 eller før er ein yting du kan ta ut gradert, men den attverande stillinga di må vere minst 60 prosent av full stilling ved første uttak. 
Du kan jobbe så mykje du vil utan at pensjonen blir redusert. Tener du meir enn 15 000 kroner i året blir pensjonen redusert. 
Livsvarig AFP blir berekna av SPK. Er du 62-65 år, bereknar NAV AFP-en din. Har du fylt 65 år, bereknar SPK AFP-en. 
Du kan stanse utbetalinga av livsvarig AFP, men da er det ikkje mogeleg å starte ho igjen seinare. Når du tek ut heil eller delvis AFP første gong, vil du behalde rettane til AFP sjølv om du går tilbake i stillinga. Du treng ikkje søkje på nytt. 
Det er fleire vilkår du må ha oppfylt for å kunne ha rett til AFP:

Nokre av vilkåra er absolutte ved 62 år, uavhengig av når du tek ut livsvarig AFP. Oppfyller du ikkje desse krava ved 62 år, vil du heller ikkje kunne få rett til AFP ved å jobbe lengre.

Andre vilkår må vere oppfylt på det tidspunktet du vil ta ut AFP. Oppfyller du ikkje desse vilkåra frå tidspunktet du vil ta ut AFP, så kan dei rettast på ved å halde fram med å jobbe og vente med uttaket til du oppfyller dei.
Vilkåra for rett til AFP er noko ulike mellom 62-65 år og mellom 65-67 år.  APF-loven (og tariffavtalen) gjeld mellom 62-65 år, mens AFP etter 65 år blir regulert av lov om Statens pensjonskasse og tariffavtalane.
Oppfyller du ikkje vilkåra til livsvarig AFP, kan du få betinga tenestepensjon. Dette er ei heilt ny ordning som også er livsvarig. Oppfyller du ikkje vilkåra, mister du retten til tidlegpensjon. 

I 50 åra? Hugs å sjekke AFP-en viss du skal byte jobb

Offentlig AFP har dei same strenge og absolutte krava som i privat sektor. Det betyr at du som er i 50-åra kan risikere å miste AFP-en heilt viss du byter jobb frå ei bedrift med AFP til ei som ikkje har AFP.

Reglane for å få AFP er at du må ha vore tilsett i ei verksemd med offentleg eller privat AFP-avtale i sju av dei ni siste åra fram til du fyller 62 år. Du som er fødd mellom 1963 og 1966 har ikkje fullt så strenge krav. Krava kan du lese om på spk.no/afp

Viss du ikkje oppfyller krava når du fyller 62 år, mistar du retten til AFP for alltid. Spesielt du som er i midten av 50-åra må vere merksam sidan du har kortast tid igjen til du bli 62 år. Vi tilrår likevel alle i 50-åra om å setje seg inn i kva krav som gjeld.

Så kor mykje i kroner og øre kan du tape viss du mistar retten til AFP? Det kjem an på kor lenge du har jobba i ei bedrift med AFP. For mange som jobbar i offentleg sektor og er i 50-åra, vil AFP utgjere ein god del av den samla alderspensjonen. Det betyr at utan AFP kan du i verste fall gå glipp av titusenvis av kroner i året – så lenge du lever.

Publisert i AFP