Kategori: Uførepensjon
Du kan søke om uførepensjon frå oss både når uførleiken er mellombels eller varig.
Har du endringar i lønna etter lønnsoppgjeret? Da må du seie frå til oss med ein gong

Har du uførepensjon eller offentleg AFP må du ta somme grep nå.
…Etteroppgjer for uførepensjonistar – dette må du hugse på

Utbetalinga av uførepensjon skal justerast etter kor mykje du tener ved sidan av – og derfor er det viktig at du hugsar å fortelje oss kor mykje du forventar å tene.
For på same måte som Skatteetaten gjennomfører skatteoppgjeret sitt, gjennomfører vi i Statens pensjonskasse eit etteroppgjer for uførepensjon. Etteroppgjeret skjer på hausten etter at skatteoppgjeret er klart. Fortsett å lese «Etteroppgjer for uførepensjonistar – dette må du hugse på»
…Tener du meir enn 80 av prosent av inntekta du hadde før du blei uførepensjonist, stoppar uførepensjonen din

Dersom du ikkje kan jobbe like mykje som før på grunn av skade eller sjukdom, kan du ha rett på uførepensjon frå oss. Pensjonen dekker inn delar av inntektstapet du får sidan du ikkje kan jobbe like mykje som før. Fortsett å lese «Tener du meir enn 80 av prosent av inntekta du hadde før du blei uførepensjonist, stoppar uførepensjonen din»
…Dine plikter som pensjonsmottakar i Statens pensjonskasse – kva må du hugse på?
Som mottakar av pensjon frå Statens pensjonskasse, er det fleire ting du må vere klar over. Målet med dette blogginnlegget er å dekke dei tre mest vanlege scenarioa, og at det skal kunne fungere som ein enkel rettleiar for deg med offentleg tenestepensjon.
1. Inntekt dersom du mottek særalderspensjon, eller vanleg alderspensjon frå oss
Reglane for inntekt i kombinasjon med særalderspensjon og alderspensjon frå SPK er dei same. Det skiljast i denne samanhengen mellom inntekt frå privat sektor og inntekt frå offentleg sektor. Fortsett å lese «Dine plikter som pensjonsmottakar i Statens pensjonskasse – kva må du hugse på?» …
Frå uførepensjon til alderspensjon: Korleis bereknar vi storleiken på stillinga?
I førre veke skreiv vi om kva som skjer når du går frå uførepensjon til alderspensjon. Nedst i blogginnlegget lovde vi å vise korleis storleiken på stillinga blir rekna ut. Fortsett å lese «Frå uførepensjon til alderspensjon: Korleis bereknar vi storleiken på stillinga?»
…