Kategori: AFP
Avtalefesta pensjon (AFP) er ei førtidspensjonsordning for statstilsette og lærarar mellom 62 og 67 år. Andre verksemder med medlemskap i Statens pensjonskasse kan ha inngått tariffavtale som gjev dei tilsette rett til AFP.
Dette er forskjellene på «gammel» og «ny» AFP i offentlig sektor

Det finnes to typer avtalefestet pensjon (AFP) i offentlig sektor, og de er ganske forskjellige. Det er fødselsåret ditt som avgjør hvilken type AFP du får.
Fortsett å lese «Dette er forskjellene på «gammel» og «ny» AFP i offentlig sektor» …Pensjonsvalga du bør ta før du blir 60

Her får du en oversikt over hvilke valg du har, og hvilke konsekvenser de har for deg som er medlem av Statens pensjonskasse.
Fortsett å lese «Pensjonsvalga du bør ta før du blir 60» …Har du endringar i lønna etter lønnsoppgjeret? Da må du seie frå til oss med ein gong

Har du uførepensjon eller offentleg AFP må du ta somme grep nå.
…Kva er betinga tenestepensjon?

Betinga tenestepensjon er ein kompensasjon til deg som er født i 1963 eller seinare, og som ikkje oppfyller krava for å ta ut avtalefesta pensjon (AFP).
Viktig! Pensjon blir berekna individuelt. Difor kan vi ikkje komme med eksempel på kva du kan få i kroner og øre. For å sjå kor lenge du må jobbe for å få ein pensjon du er fornøgd med, logg inn på spk.no og bruk pensjonskalkulatoren.
Den korte versjonen
- Innan 2025 blir AFP-ordninga endra for offentleg tilsette fødde i 1963 eller seinare. Partane i arbeidslivet er einige om dei grove trekka, men ingenting er vedteke.
- AFP går frå å vere ei tidlegpensjonsordning som blir utbetalt mellom 62–67 år og der du er nøydd til å slutte heilt eller delvis i stillinga di, til å bli eit livsvarig tillegg i alderspensjonen.
- I den nye AFP-ordninga kan du jobbe så mykje du vil ved sidan av, du må ikkje slutte heilt eller delvis.
- Eitt av dei nye krava for å få AFP er at du må ha vore tilsett i ei verksemd med AFP-avtale i offentleg eller privat sektor i minst sju av dei siste ni åra.
- Oppfyller du ikkje kravet, har du rett til ein livsvarig kompensasjon som blir kalla «betinga tenestepensjon». Betinga tenestepensjon kjem som eit tillegg til alderspensjonen.
- For å få betinga tenestepensjon må du jobbe i ei offentleg verksemd, og du må ha vore tilsett i minst eitt år før du kan nytte ordninga.
- Frå 2020 tener du opp betinga tenestepensjon ved at arbeidsgivaren din setter av tre prosent av lønna di opp til 7,1 G (rundt 700 000 kroner). Alt hamnar i ei behaldning (ei slags sparebøsse), som du kan begynne å ta ut av når du fyller 62 år.
Den lange versjonen
Nytt regelverk for alderspensjon og AFP
I 2020 fekk alle som jobbar i offentleg sektor og er fødde i 1963 eller seinare eit heilt nytt regelverk for korleis pensjon skal bli opptent og utbetalt. Partane i arbeidslivet blei einige om korleis alderspensjonen for desse aldersgruppene skal bli utforma, men det er ikkje endeleg bestemt korleis offentleg AFP skal vere.
Grunnen er at offentleg AFP skal bli forma heilt eller delvis etter privat sektor. I privat sektor er det no forhandlingar om AFP-ordninga, og partane ønsker å vente med å forhandle om AFP i offentleg sektor til det er avklart korleis ordninga i privat sektor blir. Men det er klart at ordninga går frå å vere ei tidlegpensjonsordning der du er nøydd til å slutte i heile eller delar av stillinga di, til å bli eit livsvarig tillegg i alderspensjonen din.
Det kan vere nokre født i 1963 eller seinare som ikkje oppfyller krava for AFP.
Betinga tenestepensjon er ein kompensasjon til deg som ikkje oppfyller AFP-krava
Krava for å få AFP i offentleg sektor er at du må ha vore tilsett i ei verksemd med AFP-avtale i minst sju av dei siste ni åra før du tek ut AFP. Verksemda du har vore tilsett i kan vere både i privat og offentleg sektor. Oppfyller du ikkje krava, har du ikkje rett til AFP i offentleg sektor.
Det kan vere nokre født i 1963 eller seinare som ikkje oppfyller krava for AFP. For at det ikkje skal bli for store forskjellar, har partane i arbeidslivet blitt einige om ein kompensasjon dei har kalla «betinga tenestepensjon».
Betinga tenestepensjon er meint for dei som ikkje kvalifiserer til AFP i verken privat eller offentleg sektor, og som er tilsett i ei offentleg verksemd og har jobba der i minst eitt år. Her er eit eksempel på ein som har rett til betinga tenestepensjon:
- Geir er fødd i 1967 og begynner i ny jobb i staten i 2024.
- Tidlegare har Geir jobba i det private, men i ei bedrift som ikkje hadde AFP-ordning.
- Fem år seinare, i 2029, fyller Geir 62 år. Han har ikkje rett til AFP i offentleg sektor fordi han ikkje har vore tilsett i ei bedrift med AFP-ordning i minst sju av ni år før han vil ta ut pensjon.
- Geir har rett til betinga tenestepensjon.
Betinga tenestepensjon blir spara opp i ei eiga behaldning (ei slags sparebøsse)
- Frå og med 1. januar 2020 tener du opp til betinga tenestepensjon ved at arbeidsgivaren setter av tre prosent av lønna di fram til du blir 62 år.
- Du får opptening for all lønn opp til og med 7,1 G. G er folketrygda sitt grunnbeløp, og 7,1 G er i 2021 rundt 700 000 kr.
- Alt arbeidsgivar setter av for deg hamner i ei eiga behaldning, som du kan begynne å ta ut frå du fyller 62 år.
Behaldninga for betinga tenestepensjon kjem i tillegg til det du tener opp til alderspensjon. Både alderspensjon og betinga tenestepensjon er livsvarige utbetalingar.
…Etteroppgjer og AFP – har du fått rett pensjon?

Det er tid for etteroppgjer for pensjonistar med avtalefesta pensjon (AFP) frå oss. Etteroppgjeret for 2020 startar i oktober. Har du fått riktig pensjon; får du baksmell eller pengar tilbake?
Kva er etteroppgjer?
På same måte som Skatteetaten gjennomfører skatteoppgjeret sitt, gjennomfører vi i Statens pensjonskasse eit etteroppgjer for AFP. Etteroppgjeret kan samanliknast med eit skatteoppgjer. Kvart år når fastsettinga (det som tidlegare heitte skattelikninga) er klar, gjennomgår vi pensjonen din.
Har du fått for liten pensjon utbetalt, etterbetalar vi pensjon. Har du fått meir pensjon utbetalt enn du skulle – på grunn av høgare inntekt enn forventa – får du «baksmell» (akkurat som i skatteoppgjeret).
Vi samanliknar arbeidsinntekta som du melde inn da du søkte AFP og kvar gong du har fått inntektsendringar, opp mot den reelle inntekta du har hatt slik det går fram av Skatteetatens fastsetting for inntektsåret ditt.
Dersom avviket mellom forventa og reell inntekt er større enn toleransebeløpet på 15 000 kroner, bereknar vi ein ny pensjonsgrad. Da får du enten tilbakebetalt pensjon frå oss, eller du må tilbakebetale for mykje utbetalt pensjon. Akkurat som i skatteoppgjeret.
Du får ikkje brev frå oss dersom berekninga viser at det ikkje blir nokon endring i pensjonen din.
Toleransebeløp, ikkje eit fribeløp
Legg merke til at det står toleransebeløp. Det betyr at avvik under 15 000 kroner fører ikkje til omrekningar.
Toleransebeløpet er absolutt. Det betyr at dersom du har tent 15 001 kroner meir enn det du har meldt som forventa inntekt for året, skal AFP-ein din reknast om. Det kan synast strengt, men her er reglane klare.
Må eg sende inn dokumentasjon?
Frå og med i fjor fekk vi detaljerte skatteopplysingar frå Skatteetaten. Dei fleste treng derfor ikkje å ettersende dokumentasjon til oss. I einskilde tilfelle vil du likevel måtte sende dokumentasjon til oss. Dette kan spesielt gjelde for personar med næringsinntekt.
Sjå vår sjekkliste om du er i tvil om dette gjeld deg. Vi gjer oppmerksam på at vi ikkje sender ei bekrefting på motteken dokumentasjon.
Du skal ikkje sende oss dokumentasjon som gjelder feriepengar. Vi får disse opplysningane frå Skatteetaten.
Slik kan du sikre at du får riktig utbetaling i 2021
Sjølv om vi nå mottek meir detaljerte opplysingar frå Skatteetaten, får vi dei ikkje «live». Derfor er det viktig at du melder frå til oss kva du forventar å tene i år. Da justerer vi AFP-en din ut frå dette.
Korleis melder du inntekt?
- Du er mellom 62 og 65 år: Du skal melde frå om inntektsendring til NAV. Meir informasjon finn du på nav.no.
- Du er 65 år eller eldre: Du skal melde frå til oss i SPK. Det gjer du lett ved å logge deg inn på vårt sikre og krypterte kontaktskjema, der du kan skrive inn kva du trur du kjem til å tene i år.
NB: Det viktig å merke seg at det ikkje held å berre melde frå til NAV eller via Altinn. Systema våre er forskjellige, og snakkar dessverre ikkje godt nok saman.
…