Tener du meir enn 80 av prosent av inntekta du hadde før du blei uførepensjonist, stoppar uførepensjonen din

Tener du meir enn 80 av prosent av inntekta du hadde før du blei uførepensjonist stoppar uførepensjonen din
Meld frå om du ser du kjem til å tene meir enn du trodde. Meld heller inn ein gong for mykje enn ein gong for lite. Foto: iStock

Dersom du ikkje kan jobbe like mykje som før på grunn av skade eller sjukdom, kan du ha rett på uførepensjon frå oss. Pensjonen dekker inn delar av inntektstapet du får sidan du ikkje kan jobbe like mykje som før.

Mottek du uførepensjon og jobbar ved sidan av, må du kjenne til

  1. inntektsgrensa di,
  2. og at du kan risikere at uførepensjonen stoppar dersom du tener meir enn 80 prosent av det du tente før du blei ufør.

Her forklarer vi kva dette betyr, og kva du kan gjere for å hindre det.

Den korte versjonen:

  • Du kan jobbe ved sidan av uførepensjon. Du får fastsette ei inntektsgrense når du får uførepensjon frå oss. Grensa blir brukt til ein årleg kontroll på om du har motteke rett pensjon.
  • Tener du meir enn inntektsgrensa er vi nøydde til å redusere uførepensjonen din. Du kan risikere å måtte betale tilbake for mykje utbetalt uførepensjon.
  • Du kan forhindre at du må betale tilbake ved å melde frå om inntekt på Min side på spk.no. Meld heller inn ein gong for mykje enn ein gong for lite.
  • Tener du over 80 prosent av det du tente før du blei ufør, er vi nøydde til å stoppe utbetalinga. Stoppen gjeld berre det året du tener meir enn 80 prosent av tidlegare inntekt.
  • Utbetalinga startar igjen året etter dersom du tener mindre enn 80 prosent av inntekta du hadde før du blei ufør. Du treng ikkje søke på nytt.
  • Einaste måten du kan forhindre at uførepensjonen stoppar, er å sørge for at du ikkje tener meir enn 80 prosent av inntekta du hadde før. Det held ikkje å berre melde frå om inntekta til oss. Vi er nøydde til å stoppe uførepensjonen uansett.

Den lange versjonen:

Inntekt i tillegg til uførepensjonen

Får du uførepensjon, men har helse og høve til å jobbe ved sidan av, kan du gjere det. Men, du må vere klar over følgjande. Du får fastsette ei inntektsgrense når du får innvilga uførepensjon frå oss. Inntektsgrensa bereknast individuelt og er basert på situasjonen din etter kor stor inntekt du forventar å ha ved sidan av.

Tener du meir enn inntektsgrensa, bereknar vi eit frådrag i uførepensjonen for ein del av inntekta som overstig grensa. Med andre ord – pensjonen blir reduserte, men du beheld inntekta du hadde ved sidan av.

Viktig: følg heile tida med på kor mykje du tener

Dessverre er det ein regel mange ikkje har fått med seg når det kjem til inntekt og uførepensjon. Den seier at dersom du tener over 80 prosent av det du tente før du blei ufør, blir uførepensjonen din stoppa.

Når du kvalifiserer til å få uførepensjon igjen, vil utbetalinga starte opp att. Det kan eksempelvis vere fordi at inntekta di går ned fordi du ikkje kan jobbe like mykje.

Du kan sjølv forhindre at uførepensjonen blir stoppa

Meld alltid inn kor mykje du trur du kjem til å tene ved sidan av uførepensjonen. Det gjer du når du søker om uførepensjon frå oss. Det er også viktig at du melder frå til oss om endringar i inntekta etter at uførepensjonen har starta.

Etter kvart som du jobbar og ser at du kjem til å jobbe meir enn du trudde, må du melde frå til oss med ein gong. Du loggar deg inn på Min side på spk.no og melder frå. Meld heller frå ein gong for mykje, enn ein gong for lite.

På spk.no finn du ein enkel guide som fortel deg korleis du skal registrere inntekt. Og her på Pensjonsbloggen har vi tidlegare skrive om kva slags inntekt som kan påverke uførepensjonen din.