Har du endringar i lønna etter lønnsoppgjeret? Da må du seie frå til oss med ein gong

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Har du endringar i lønna etter lønnsoppgjeret Da må du seie frå til oss med ein gong
Det smart er å melde frå ny eller endra inntekt til oss i tide. Då unngår du unødvendige overraskingar i etteroppgjeret. Foto: iStock

Har du uførepensjon eller offentleg AFP må du ta somme grep nå.

Årlege etteroppgjer for uførepensjon og AFP

Vi i Statens pensjonskasse køyrer etteroppgjer for dei som har uførepensjon og offentleg AFP. Da sjekkar vi skatteoppgjeret for å sjå kor mykje du har tent.

Kvifor det? Jo, det er fordi uførepensjon og offentleg AFP skal justerast etter kor mykje du tener ved sidan av. Har du fått for lite utbetalt, etterbetaler vi. Og har du da fått meir utbetalt enn du skulle – på grunn av høgare inntekt enn forventa – får du baksmell.

Du må sjølv melde inn endringar i inntekta

Som tittelen over seier, er det du som er ansvarleg for å seie frå til oss at arbeidsinntekta din har endra seg. Arbeidsgivar gjer ikkje dette for deg.

Dersom lønna din auka som eit resultat av lønnsoppgjeret for 2022, kan det vere at du må melde frå til oss.

Kvar melder du inntekt? Det avheng om du har uførepensjon eller AFP. Les meir under:

Har du uførepensjon?

Dersom du har uførepensjon frå oss, har du fått utrekna det som heiter ei inntektsgrense. Det er det årlege beløpet du kan tene før uførepensjonen blir redusert. Gjer lønnsoppgjeret at du nærmar deg denne? Sjekk det tidlegast mogeleg!

Du kan når som helst – og så ofte du treng – registrere inntekt ved å logge inn på Min side.

Har du offentleg AFP?

Har du offentleg AFP er pensjonen utrekna ut frå ei forventa arbeidsinntekt. Dersom den nye lønna di avvikar med meir enn 15 000 kroner per år frå den forventa inntekta, må du melde frå til oss.

Korleis melder du inntekt? Det avheng om du er yngre eller eldre enn 65 år.

Påverkar lønnsoppgjeret for 2022 kva du har meldt inn av inntekt? Det må du sjekke tidlegast mogeleg.

Tommelfingerregel

Det er smart å melde frå ny eller endra inntekt til oss i tide. Då unngår du unødvendige overraskingar i etteroppgjeret.