Kontroller oppteninga di

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Kontroller oppteninga di
Pensjon er utsett lønn og det er viktig å følgje med på det du skal leve av etter at du sluttar å jobbe. Bruk spk.no for å sjekke oppteninga di når du sjølv vil og har tid. Foto: iStock

Eit spørsmål som stadig går igjen her på kundesenteret er om vi kan sjå om eit medlem har jobba i den og den perioden, på den og den staden. Her får du eit enkelt tips for at du skal kunne sjekke det kjapt og greitt sjølv.

Alle arbeidsgivarar som er tilknytte oss, har plikt til å registrere korrekte opplysingar om deg som tilsett. Vi skal blant anna få innrapportert kor lenge du har jobba, og kor stor stillingsprosent du har. Alt dette gjer arbeidsgivaren din gjennom eigne system, og er normalt ikkje noko du treng å tenkje på.

Likevel kan det vere greitt å sjekke om dei tre åra du jobba i engasjement hos eit departement, eller det året du jobba som lærer i ein annan kommune, er med i pensjonsgrunnlaget ditt hos oss.

Det kan du få vite på to måtar.

To måtar – ein kjapp og ein meir omstendeleg

Den kjappe

Den fyrste metoden er den kjappaste av dei dei to. Du går berre inn på spk.no og trykkjer på «Logg inn» øvst til høgre.

Då blir du send til ei innloggingsside der du må trykkje på Logg inn-knappen under medlemer.

Så må du identifisere deg slik at vi veit om du er medlem eller ikkje. Bruk den innloggingsmetoden som passar deg best. Dei aller fleste i dag har Bank-ID, men det finst andre måtar.

Når du er logga inn, vil du kome til ei velkomstside. På venstresida finn du ein meny, og du skal finne punktet «Min oppteningstid». Trykkjer du på den, vil du sjå alt vi har registrert på deg.

Den omstendelege

Den omstendelege versjonen er at du kontaktar oss via kontaktskjema på spk.no, ringjer eller chatter. Då vil du få kontakt med ein av kundebehandlarane våre mellom kl. 08 til 15. Det kan vere kø og ventetid i enkelte periodar.

Det er sjølvsagt helt opp til deg, men vi trur det er enklare for deg å ha alt på skjermen framfor deg slik at du i ro og mak – når som helst på døgnet – kan sjekke om alle stemmer! Spar heller denne løysinga til ein gong du treng meir hjelp eller personleg oppfølging.

Fann du feil i historikken?

Kva skal du gjere dersom nokre ikkje stemmer? Det kan du lese om her.