Kvar dag får kundesenteret våre mange spørsmål via e-post, chat og telefon. Nokre spørsmål går igjen. Kva skjer med pensjonen dersom du skiftar jobb?
Dette lurte «Geir» på då han sende ein e-post til oss:
(…) Jobbar for tida for ein arbeidsgivar som er knytt til Statens pensjonskasse, men vurderer ei stilling hos ein arbeidsgivar som har ein annan type pensjonsordning. Kva vil skje med den oppsparde pensjonen min frå dykk?
Når Geir spør slik, betyr det at han har fått med seg noko veldig viktig. Det går eit skilje mellom offentleg og privat tenestepensjon, som det er smart å kjenne til.
Med offentleg tenestepensjonsordning
Dersom Geir sluttar i jobben og begynner å jobbe hos ein arbeidsgivar knytt til ei anna offentleg pensjonsordning som er med i overføringsavtalen, er han sikra at han får med seg pensjonsoppteninga frå SPK over til den nye pensjonsordninga si.
Overføringsavtalen fungerer slik at siste pensjonsordning bereknar og utbetaler pensjonen din, og medreknar oppteninga di frå SPK og eventuelle andre offentlege tenestepensjonsordningar du har vore medlem av. Du må til saman ha minst tre år med opptening for å ha rett til tenestepensjon.
Utan offentleg tenestepensjonsordning
Dersom Geir sluttar i jobb (og begynner i stilling utan offentleg tenestepensjonsordning), kan han ha rett til alderspensjon etter reglane for tidlegare medlemer.
Den blir utbetalt normalt frå fylte 67 år og føreset at du samtidig søkjer om alderspensjon frå folketrygda. Igjen må du ha opptening i minst tre år for å ha rett til pensjon. Denne kjem i tillegg til pensjonsordninga frå din(e) nye arbeidsplass(er).
Dersom Geir har vore medlem av anna offentleg tenestepensjonsordning etter at han var medlem i SPK, så er det siste ordning som skal utbetale samla pensjon.
