Merk: Alt i dette blogginnlegget gjeld berre dei som er fødde i 1962 eller før. Dei fødd i 1963 eller etter kan jobbe så mykje dei vil samtidig som dei tek ut alderspensjon.
Spørsmålet er ein gjengangar på kundesenteret vårt. Kan eg jobbe på pensjonistlønn når eg tek ut AFP eller uførepensjon? Somme har også høyrt at arbeidsgivar har sagt dei kan jobbe på pensjonistlønn under AFP eller uførepensjon. Stemmer det?
Svaret er: nei, det kan du ikkje.
Berre for alderspensjonistar født i 1962 eller før
Kvifor det? Pensjonistlønn er ein type lønn som berre alderspensjonistar født i 1962 eller før kan nytte seg av utan å få redusert alderspensjonen sin. Per i dag er pensjonistlønna på 201 kr per time, og er sette så lågt at den ikkje skal påverke alderspensjonen din frå SPK. Pensjonistlønn for lærarar blir rekna på ein annan måte. Les meir på spk.no.
Det kan vere at omgrepet «pensjonistlønn» er forvirrande, sidan AFP – avtalefesta pensjon – og uførepensjon har ordet «pensjon» i seg.
Alt handlar om du blir innmeldt i ei offentleg tenestepensjonsordning. Blir du innmeldt kan du få reduksjon i alderspensjonen. På pensjonistlønn blir du ikkje innmeldt i ei offentleg tenestepensjonsordning. Det er også eit krav om at du har teke ut heil eller delvis alderspensjon, og at arbeidet skal vere kortvarig og tilfeldig arbeid.
For andre livsfasar
AFP og uførepensjon er for andre livsfasar, og har derfor andre regelverk. AFP i det offentlege er ei førtidspensjonering for dei som ønskjer å trappe ned før pensjonsalderen. Uførepensjon er for dei som ikkje kan jobbe som følgje av sjukdom eller skade.
Uførepensjon og AFP som ytingar er ei erstatning for lønna du normal ville hatt dersom du framleis stod i stillinga.
Kva om eg mottok pensjonistlønn ved ein feil?
Dersom du ved ein feil har fått pensjonistlønn, kan dette påverke din AFP eller uførepensjon. Pensjonistlønna blir rekna som «vanleg» arbeidsinntekt og kan gjere at ytingane blir reduserte.
AFP og uførepensjon har forskjellige måtar inntekta blir løyst på.
