Ord og uttrykk du burde kunne om pensjon (eller vite kvar du kan finne ut av kva dei betyr)

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Ord og uttrykk du burde kunne om pensjon eller vite kvar du kan finne ut av kva dei betyr
«Hm. Oppsett pensjon …?» Vi ønskjer å gjere pensjonen din enklare å forstå. Ord og uttrykk om pensjon på spk.no er eit godt verktøy for deg som lurar. Foto: iStock.

Alleårsregelen. Individuell garanti. Forholds- og delingstal. Oppsett pensjon. Kva betyr alle orda folk brukar når dei snakkar om pensjon?

Du har sikkert sett nokre av orda frå før. Titt og ofte dukkar dei opp i mediet når pensjon er temaet. Det er ikkje alltid lett å vite kva orda betyr, for det er ikkje ofte vi «vanlege folk» bruker dei. I alle fall ikkje dagleg. Kanskje knapt nokre gonger før vi ser dei på trykk eller på skjermen.

Kvar finn eg ut kva orda betyr?

Du kan sjølvsagt google orda og skanne gjennom søkjeresultatet til du finn ein kjelde du stolar på. Eller du kan bruke ordlista vår på spk.no. Den heiter «Ord og uttrykk om pensjon», og der finn du alle relevante ord sorterte alfabetisk.

Kva er og kva betyr «minstegrense»? Då går du inn på spk.no/ord-og-uttrykk-om-pensjon, trykkjer på M i tabellen til venstre. Då blir du sendt automatisk til rett stad. Lurer du på kva «toleransesum» betyr og er? Ja, då går du inn på same nettside og trykkjer på T i tabellen til venstre. Det er veldig lett.

Det er enkelt å navigere i ordlista på spk.no. Alle orda er sorterte alfabetisk. Foto: spk.no

Vi freistar å hjelpe deg lære meir om pensjonen din

Ordlista er der for at du, som medlem (eller berre interessert i pensjon), skal ha enkelt høve til forståeleg informasjon. Den treng du når du skal gjere vala dine om pensjonen din, anten det er lenge til eller det er ganske snart.

Det blir veldig viktig framover, spesielt sidan ny offentleg tenestepensjon er på veg og det er nokre nye ord og uttrykk du må vite om. Som vi har skrive tidlegare, blir det opp mot fire forskjellige regelverk som gjeld (for einskilde årskull). Dess meir kunnskap du har, dess betre rusta er du til å ta gode val.

Vi lover å oppdatere lista jamt og trutt slik at du kan setje deg inn i omgrepa, og finne ut kva det kan bety for deg.