Frå uførepensjon til alderspensjon: Korleis bereknar vi storleiken på stillinga?

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Frå uførepensjon til alderspensjon Korleis bereknar vi storleiken på stillinga
Korleis reknar vi ut stillingsstorleiken? Heldigvis er biletet ein illustrasjon og ikkje realiteten. Foto: iStock

I førre veke skreiv vi om kva som skjer når du går frå uførepensjon til alderspensjon. Nedst i blogginnlegget lovde vi å vise korleis storleiken på stillinga blir rekna ut.

Som vi åtvara om i førre veke, er dette veldig komplisert. Tidlegare var det relativt enkelt. Det var stort sett samsvar mellom uføregrad og storleiken på stillinga ein hadde ved sidan av uførepensjonen. Ein uføregrad på 30 prosent og ei reststilling på 70 prosent gav ein stillingsstorleik på 100 prosent.

Eit vesentleg poeng med uførereforma som kom i 2015, var å gjere det enklare å auke eller redusere stillinga si i takt med eiga arbeidsevne. Det inneber at uføregraden som står i vedtaket ditt blir mindre sentralt, mens inntekta du har hatt ved sidan av uførepensjonen blir desto viktigare når stillingsstorleiken skal fastsetjast.

Har du tent meir enn den inntektsgrensa som uførevedtaket ditt baserer seg på, har det gitt reduksjon i uførepensjonen din. Forholdet mellom 100 prosent uførepensjon og den faktiske utbetalinga kallar vi utbetalingsgrad.

Utbetalingsgraden + stillingsprosenten i reststillinga di gir stillingsstorleiken du får opptening for, og som vi bruker når vi reknar ut alderspensjonen din.

Reknestykket kan for eksempel bli slik:
Ein person med uføregrad på 100 prosent begynner å jobbe i ein stilling på 30 prosent og lønna han får inneber at han berre får utbetalt 65 prosent av full uførepensjon. Då er utbetalingsgraden 65 prosent. Legg vi til reststillinga på 30 prosent får vi ein stillingsstorleik på 95 prosent.

(Dersom du no automatisk tenkjer at det ikkje lønner seg å jobbe, må du hugse at det er mange faktorar som speler inn. Pensjonsgrunnlaget – sjølve utgangspunktet for berekningane – til denne personen har for eksempel auka.)

Reknestykket kan også bli slik:
Ein person med ein uføregrad på 50 prosent har gått ned til ein stilling på 40 prosent med ei lønn som gir ein utbetalingsgrad på 65 prosent. Legg vi saman utbetalingsgraden og reststillinga får denne personen ein stillingsstorleik på 105 prosent.

Konklusjon:
Dette blogginnlegget seier ikkje noko om kva du får utbetalt når du fyller 67 år og uførepensjonen frå SPK blir endra til alderspensjon. Men om du no forstår meir om nokre av faktorane som speler inn når pensjonen bereknast, er målet for innlegget nått.