Født etter 1962?

Forslag til nytt pensjonsregelverk for offentlege tilsett født i 1963 eller seinare er no ute på høyring. Foto: iStock.

Er du 1963-modell eller yngre? Har du i tillegg offentleg tenestepensjon? Då veit du sannsynlegvis at det kjem eit nytt regelverk som gjeld deg og pensjonen din. Det nye regelverket er no ute på høyring.

Eit lite tilbakeblikk fyrst: Noreg er midt inne i ei pensjonsreform. Sida 2011 har vi fått ny folketrygd, nye reglar for uførepensjon, og nye reglar for samordning mellom folketrygd og offentleg tenestepensjon. No står ny offentleg tenestepensjon for tur.

Hovudprinsippa er allereie bestemt. Arbeids- og sosialdepartementet og partane i arbeidslivet har inngått ein avtale om ny offentleg tenestepensjon, og på bakgrunn av denne avtalen har departementet laga eit lovforslag som no er sendt på høyring.

Det vil seie at partane i arbeidslivet, pensjonsleverandørane og andre høyringsinstansar skal gi innspela sine før forslaget blir lagt fram for Stortinget til behandling. Det skjer truleg i løpet av våren eller føresommaren neste år.

Ingenting er vedteke

Før det nye regelverket er endeleg vedteke kan vi eigentleg ikkje seie noko sikkert om kva endringane vil innebere for deg.

Er du 1963-modell eller yngre, kan du for eksempel ikkje forvente at vi allereie no har ein pensjonskalkulator på spk.no som kan utrekne kva den framtidige pensjonen din vil bli. Men du kan forvente at vi prøver å informere deg så godt vi kan undervegs.

Her er eit samandrag av høyringsutkastet:

Dei viktigaste forskjellane frå dagens pensjonsordning:

  • Det skal lønne seg å jobbe lenger
  • Det skal bli lettare å veksle mellom offentleg og privat sektor utan å tape pensjon.

Gammal offentleg tenestepensjon er ein ytingspensjon. Det inneber at pensjonen er basert på ein viss prosent av sluttlønna di. Den nye offentlege tenestepensjonen blir ein påslagspensjon. Det betyr at pensjonen blir rekna ut frå ei pensjonsbehaldning som veks med ein viss prosent kvart år du jobbar.

Den gamle offentlege tenestepensjonen skal samordnast med folketrygda. Den nye tenestepensjonen kjem i tillegg til folketrygda.

Du får opptening etter dei nye reglane frå 2020

Ny offentleg tenestepensjon gjeld for alle som er fødde i 1963 og seinare. All opptening du har etter 2020 skal reknas ut etter nytt regelverk og all opptening du har før 2020 skal reknas ut etter gammalt regelverk.

Del dette:

2 thoughts on “Født etter 1962?

    1. Hei Rune!

      Det betyr bare at fram til 2020 vil du tjene opp pensjon etter gamle regler, som en «ytelsespensjon», som blant annet skal samordnes med alderspensjon fra folketrygden. Etter 2020 vil du tjene opp pensjon i det nye regelverket for offentlig tjenestepensjon.

      Når du en gang skal pensjonere deg vil din samlede utbetalte pensjon være en kombinasjon av opptjening i både gammelt og nytt regelverk.

      Vennlig hilsen Elise

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.