Årsoppgåve til 150 000 medlemmer

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.

No sender vi for første gong ut ei oversikt over pensjonsoppteninga førre år. Årsoppgåva sendast ut til 150 000 medlemmer som er fødde i 1963 eller seinare og som er i aktiv jobb.

Sjå pensjonsoppteninga for 2021

Årsoppgåva finn du når du loggar deg inn på Min side. Då ser du kor mykje pensjonsbehaldninga di har auka i 2021, basert på årslønna som er registrert hos oss.

Frå og med 2020 tener du opp til tenestepensjon i ei pensjonsbehaldning. Pensjonsbehaldninga er det du og arbeidsgivaren din set av i tenestepensjon til deg.

Pensjonsoppteninga di hos oss aukar kvart år:

  • Kvar månad blir det set av 5,7 prosent av pensjonsgivande inntekt opp til 7,1 G i pensjonsbehaldninga di. G står for grunnbeløpet i folketrygda.
  • Dersom du har pensjonsgivande inntekt mellom 7,1 og 12 G, blir det set av 23,8 prosent av inntekt over 7,1 G.
  • Inntekt over 12 G gir ikkje opptening til behaldninga.

I tillegg blir pensjonsbehaldninga justert ditt opp kvart år med auken i grunnbeløpet i folketrygda fram til du tar ut pensjon.

Korleis vi bereknar pensjonen din

I årsoppgåva kan du sjå kor mykje i årleg pensjon du får når du fyller 67 år. Han bereknast ut frå:

  • Kor lang oppteningstid du har til og med 31. desember 2019.
  • Kor stor pensjonsbehaldninga di (frå 2020) er når du skal begynne å ta ut pensjon.
  • Når du vel å ta ut pensjon. Tenestepensjon frå oss er livsvarig. Då skal pensjonsbehaldninga di delast på kor lenge årskullet ditt er forventa å leve etter at dokk har gått av med pensjon. Dette kallast for delingstal.

Feil i opplysingane dine kan påverke pensjonen

Det er viktig at du sjekkar at opplysingane som vi har registrert om pensjonsoppteninga di er riktige. Dersom du ser feil i historikken, må du ta kontakt med arbeidsgivaren slik at han kan sende oss riktig dokumentasjon.

Opptening i folketrygda eller andre offentlege tenestepensjonsordningar visast ikkje på nettsidene våre, men blir teke med i berekninga når du søker om pensjon. Vi hentar inn pensjonstala dine frå NAV i vår berekning.

Prøv pensjonskalkulatoren for å finne ut kva du får i pensjon og sjå korleis pensjonen endrar seg etter når du planlegg å pensjonere deg.