Slik vil pensjonsbehaldninga di vokse jamt og trutt

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Slik vil pensjonsbehaldninga di vokse jamt og trutt
Pensjonsbehaldninga di hos oss vil bli regulert kvart år fram til du tek ut pensjon. Og du treng ikkje gjere noko som helst sjøl. Foto: iStock

Alle født i 1963 eller etter og som jobbar i offentleg sektor, har ei pensjonsbehaldning. Ho vil bli regulert kvart år fram til du tek ut pensjon frå oss. Men korleis fungerer reguleringa?

I 2020 blei det vedtatt eit nytt regelverk for korleis alderspensjonen skal tenast opp for offentlege tilsette. Alderspensjonen i SPK blir betre tilpassa folketrygda og AFP i privat sektor. Les meir om korleis alderspensjonen tenest opp, og korleis den utreknast.

Trygg regulering som gir garantert «avkastning»

Den årlege oppteninga blir lagd inn i ei pensjonsbehaldning – ein slags «sparegris». Den oppsparde behaldninga er garantert ei årleg regulering i takt med den allmenne lønnsveksten i samfunnet (G-regulering). Det gir den aller tryggaste reguleringa.

For deg som har ein offentleg tenestepensjon er verdien av ei regulering av behaldninga eit viktig element i den nye offentlege tenestepensjonsordninga. Det gjer at samla pensjonsopptening blir eit produkt av den årlege oppteninga og den årlege reguleringa av behaldninga.

Garantert regulering av pensjonsbehaldninga er eit viktig gode i motsetning til ei innskottsordning som dei aller fleste i privat sektor har. Der har du ikkje ei garantert regulering. I ei innskottsordning er du prisgitt dei investeringsvala du sjølv tek i form av fond og aksjar.

Du kan vere «heldig» å ha høg avkastning som dermed gir deg ein god pensjon. Men du kan også risikere at verdien på pensjonspengane dine blir redusert dersom avkastninga er låg. Alt blir styrt av marknaden.

Årleg innskott og reguleringa av behaldninga gjer at det for kvart år blir eit større og større pensjonsbehaldning som skal regulerast. Vi får det vi kallar «rentesrente-effekt». Det vil seie at tidlegare regulering, som er ein del av behaldninga, blir gjenstand for ytterlegare regulering.

Du treng ikkje gjere noko som helst

Pensjonsbehaldninga di vil vokse jamt og trutt. Du treng ikkje gjere nokon ting. Det er faktisk slik at du ikkje kan påverke korleis pengane dine forvaltast. Vi sørger for at pensjonsbehaldninga di blir regulert kvart år fram til du fyller 62 år og kan begynne å ta ut pensjonen din. Etter at du har bestemt deg for å ta ut pensjon vil behaldninga framleis bli regulert, men da vil reguleringa vere noko lågare….

Sjå kor lenge du må jobbe

Vil du sjå kor mykje du har tent opp, og kor lenge du må jobbe for å få den pensjonen du ønsker? Logg inn på spk.no og bruk vår pensjonskalkulator.