Kva er betinga tenestepensjon?

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
iStock 1255011308
Betinga tenestepensjon kjem i tillegg til det du tener opp til alderspensjon. Både alderspensjon og betinga tenestepensjon er livsvarige utbetalingar. Foto: iStock

Betinga tenestepensjon er ein kompensasjon til deg som er født i 1963 eller seinare, og som ikkje oppfyller krava for å ta ut avtalefesta pensjon (AFP).

Viktig! Pensjon blir berekna individuelt. Difor kan vi ikkje komme med eksempel på kva du kan få i kroner og øre. For å sjå kor lenge du må jobbe for å få ein pensjon du er fornøgd med, logg inn på spk.no og bruk pensjonskalkulatoren.

Den korte versjonen

  • Innan 2025 blir AFP-ordninga endra for offentleg tilsette fødde i 1963 eller seinare. Partane i arbeidslivet er einige om dei grove trekka, men ingenting er vedteke.
  • AFP går frå å vere ei tidlegpensjonsordning som blir utbetalt mellom 62–67 år og der du er nøydd til å slutte heilt eller delvis i stillinga di, til å bli eit livsvarig tillegg i alderspensjonen.
  • I den nye AFP-ordninga kan du jobbe så mykje du vil ved sidan av, du må ikkje slutte heilt eller delvis.
  • Eitt av dei nye krava for å få AFP er at du må ha vore tilsett i ei verksemd med AFP-avtale i offentleg eller privat sektor i minst sju av dei siste ni åra.
  • Oppfyller du ikkje kravet, har du rett til ein livsvarig kompensasjon som blir kalla «betinga tenestepensjon». Betinga tenestepensjon kjem som eit tillegg til alderspensjonen.
  • For å få betinga tenestepensjon må du jobbe i ei offentleg verksemd, og du må ha vore tilsett i minst eitt år før du kan nytte ordninga.
  • Frå 2020 tener du opp betinga tenestepensjon ved at arbeidsgivaren din setter av tre prosent av lønna di opp til 7,1 G (rundt 700 000 kroner). Alt hamnar i ei behaldning (ei slags sparebøsse), som du kan begynne å ta ut av når du fyller 62 år.

Den lange versjonen

Nytt regelverk for alderspensjon og AFP

I 2020 fekk alle som jobbar i offentleg sektor og er fødde i 1963 eller seinare eit heilt nytt regelverk for korleis pensjon skal bli opptent og utbetalt. Partane i arbeidslivet blei einige om korleis alderspensjonen for desse aldersgruppene skal bli utforma, men det er ikkje endeleg bestemt korleis offentleg AFP skal vere.

Grunnen er at offentleg AFP skal bli forma heilt eller delvis etter privat sektor. I privat sektor er det no forhandlingar om AFP-ordninga, og partane ønsker å vente med å forhandle om AFP i offentleg sektor til det er avklart korleis ordninga i privat sektor blir. Men det er klart at ordninga går frå å vere ei tidlegpensjonsordning der du er nøydd til å slutte i heile eller delar av stillinga di, til å bli eit livsvarig tillegg i alderspensjonen din.

Det kan vere nokre født i 1963 eller seinare som ikkje oppfyller krava for AFP.

Betinga tenestepensjon er ein kompensasjon til deg som ikkje oppfyller AFP-krava

Krava for å få AFP i offentleg sektor er at du må ha vore tilsett i ei verksemd med AFP-avtale i minst sju av dei siste ni åra før du tek ut AFP. Verksemda du har vore tilsett i kan vere både i privat og offentleg sektor. Oppfyller du ikkje krava, har du ikkje rett til AFP i offentleg sektor.

Det kan vere nokre født i 1963 eller seinare som ikkje oppfyller krava for AFP. For at det ikkje skal bli for store forskjellar, har partane i arbeidslivet blitt einige om ein kompensasjon dei har kalla «betinga tenestepensjon».

Betinga tenestepensjon er meint for dei som ikkje kvalifiserer til AFP i verken privat eller offentleg sektor, og som er tilsett i ei offentleg verksemd og har jobba der i minst eitt år. Her er eit eksempel på ein som har rett til betinga tenestepensjon:

  • Geir er fødd i 1967 og begynner i ny jobb i staten i 2024.
  • Tidlegare har Geir jobba i det private, men i ei bedrift som ikkje hadde AFP-ordning.
  • Fem år seinare, i 2029, fyller Geir 62 år. Han har ikkje rett til AFP i offentleg sektor fordi han ikkje har vore tilsett i ei bedrift med AFP-ordning i minst sju av ni år før han vil ta ut pensjon.
  • Geir har rett til betinga tenestepensjon.

Betinga tenestepensjon blir spara opp i ei eiga behaldning (ei slags sparebøsse)

  • Frå og med 1. januar 2020 tener du opp til betinga tenestepensjon ved at arbeidsgivaren setter av tre prosent av lønna di fram til du blir 62 år.
  • Du får opptening for all lønn opp til og med 7,1 G. G er folketrygda sitt grunnbeløp, og 7,1 G er i 2021 rundt 700 000 kr.
  • Alt arbeidsgivar setter av for deg hamner i ei eiga behaldning, som du kan begynne å ta ut frå du fyller 62 år.

Behaldninga for betinga tenestepensjon kjem i tillegg til det du tener opp til alderspensjon. Både alderspensjon og betinga tenestepensjon er livsvarige utbetalingar.

Publisert i AFP