Hugs at pensjon er utsett lønn

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Hugs at pensjon er utsett lønn
Lønn og pensjon heng saman. Pensjon er trass alt utsett lønn. Kva har du i bagasjen fra før? Kva lønner seg? Foto: iStockPhoto/stock_colors

Kva skjer med pensjonen din når du skiftar jobb? Det er eit godt spørsmål. Det er mange grunnar til å skifte jobb. Lønn er ein av dei. Dersom du skal vurdere kva du har, opp mot det du kan få i den nye jobben, må du hugse at tenestepensjonen blir ein del av lønnskrava dine.

Har du trøbbel med å sortere mellom dei ulike pensjonsordningane? Her er eit kort kurs:

Offentleg eller privat?

Det viktigaste skiljet mellom dei ulike tenestepensjonsordningane går mellom offentleg og privat. Har du ein jobb som gir rett til medlemskap i Statens pensjonskasse, eller ei anna offentleg tenestepensjonsordning, har du ei ytelsesbasert pensjonsordning. Jobbar du i privat sektor, har du høgst sannsynleg ei innskotsbasert ordning. Skal du vurdere ulike tenestepensjonsordningar, er det altså viktig å forstå hovudforskjellane mellom ytelsesbaserte og innskotsbaserte ordningar.

Ytelse?

Har du ein ytelsespensjon, er du sikra ein viss prosent av sluttlønna di i samla pensjon frå folketrygda og tenestepensjonsordninga (vanlegvis 66 prosent, forutsett full oppteningstid på 30 år, i 100 prosent stilling). Du betaler inn to prosent, arbeidsgivaren betaler kanskje inn rundt 12-15 prosent av lønna din, og pensjonen blir utbetalt frå pensjonsalder og livet ut. Det er vanleg at offentlege pensjonsordningar også inneheld uførepensjon og sikring til etterlatne.

Når du sluttar i ein jobb med ei ytingsbasert pensjonsordning, får du ein oppspard rett basert på tida du har jobba. Denne retten utløyser ingen framtidig pensjon dersom du har jobba mindre enn tre år. Men det er viktig å hugse at offentlege tenestepensjonsordningar har ein avtale seg imellom som gjer at all tid du har jobba i det offentlege blir slått saman.

Skiftar du jobb innanfor offentleg sektor, blir oppteningstida di frå den førre jobben lagd til oppteningstida i den nye jobben. Det betyr mykje, fordi oppteningstid er ein viktig faktor når rettane dine (for eksempel rett til AFP), og storleiken på pensjonen din, skal reknast ut.

Innskot?

Har du ein innskotspensjon er storleiken på pensjonen avhengig av storleiken på summen arbeidsgivaren betaler inn (investerer) i pensjonspotten din, samt avkastninga på dei investerte midlane. Innbetalingane frå arbeidsgivaren varierer frå lova sitt minimum, som er to prosent, til maksimum som er sju prosent av lønn opp til 7,1 G og 25,1 prosent av lønn mellom 7,1 og 12 G. 1 G er per i dag 92 576 kroner.

Det er ikkje vanleg at arbeidstakaren sjølv betaler noko inn, og alderspensjonen varer normalt i 10 år etter fylte 67. Det varierer om private innskotsordningar inneheld uførepensjon og sikring til etterlatne, så det kan lønne seg å sjekke opp dette.

Når du sluttar i ein jobb med privat, innskotsbasert tenestepensjon får du eit pensjonskapitalbevis som viser den sparekapitalen du har opparbeidt deg. Denne kan di slå ihop med eventuelle andre pensjonskapitalbevis du har. Hugs også å sjekke fonda som pensjonspengane dine er plasserte i, og forsikre deg om at det er ei optimal samansetjing. Dette kan for eksempel ein bankrådgivar hjelpe deg med.

Viktig å sjekke ut: Kor mykje sparer arbeidsgivaren din til pensjonen din? Gode ordningar kan representere ein betydeleg sum du må plusse på når du vurderer lønna di. Dårlege ordningar kan gi store negative overraskingar. Inneheld pensjonsordninga di også sikring om du blir ufør eller dør?

Kva lønner seg?

Det er ikke lett å gi noko generelt svar på kva som lønner seg, ganske enkelt fordi det avheng av mange faktorar som varierer frå person til person.

Det einaste som gjeld alle, er at lønn og pensjon heng saman. Pensjon er trass alt utsett lønn. Du må finne ut kva slags pensjonsordning du har, og kva du vil få – før du kan vurdere kor godt det nye jobbtilbodet ditt er.