Frå nå av treng du ikkje slutte å jobbe når du når særaldersgrensa

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Politimann står med ryggen til kamera, med en jakke som det står POLITI på.
1. juli i år fjerna Stortinget plikta til å gå av når du når særaldersgrensa for stillinga di. Foto: Politiet i Vestfold.

Retten til å gå av er ikkje fjerna – berre plikta. Kva som skjer om du jobbar etter aldersgrensa avheng av når du er fødd.

Den korte versjonen

  • Dersom du har ei stilling med særaldersgrense, har du frå 1. juli 2021 ikkje lenger plikt til å gå av med pensjon når du når aldersgrensa. Du kan fortsetje å jobbe fram til den allmenne aldersgrensa i offentleg sektor (70 år) om du ønsker det.
  • Retten til å gå av før den allmenne aldersgrensa er ikkje fjerna, berre plikta.
  • Fjerninga av plikta til å gå av vil ikkje i seg sjølv få nokon økonomisk konsekvens for deg. Går du frivillig av ved aldersgrensa, vil du få akkurat like mykje i pensjon som da du hadde plikt til å gå av.
  • Er du fødd i 1963 eller seinare og har særaldersgrense, vil det likevel lønne seg å jobbe lengst mogeleg (akkurat som for alle andre offentlege tilsette i same årskull).
  • Er du fødd i 1962 eller tidlegare og har full oppteningstid (30 år), vil du ikkje få ekstra opptening om du jobbar etter aldersgrensa. Har du ikkje full opptening før du når aldersgrensa, vil du få meir oppteningstid dess lenger du jobbar (men du kan ikkje få meir enn full oppteningstid).
  • Fjerninga av plikta til å gå av gjeld ikkje forsvarstilsette. Aldersgrensa deira er bestemt av forsvarsloven, ikkje loven som gjeld for statstilsette.

Den lange versjonen

I staten er øvre aldersgrense 70 år

Når ei stilling har ei lågare aldersgrense enn 70 år, seier vi at den har ei særaldersgrense. Stillingar med særaldersgrense er stillingar som er fysiske eller psykiske belastande, noko som kan gjere det vanskeleg å fortsetje i jobben lenger enn til særaldersgrensa.

Typiske stillingar som med særaldersgrense er i politiet og i Forsvaret, men fleire yrke har aldersgrenser som er lågare enn 70 år. Dei lågare aldersgrensene kan vere 65, 63 og 60 år.

Aldersgrense og pensjonsalder er ikkje det same

Pensjonsalderen er når du kan gå av med pensjon. Aldersgrensa når du slutte. Har stillinga di aldersgrense 70 år må du som hovudregel slutte da, men du kan gå av med alderspensjon tre år før. Det betyr at pensjonsalderen din er 67 år.

Ikkje lenger plikt til å gå av, men ein rett

Tidlegare hadde offentleg tilsette i stillingar med særaldersgrense ei plikt til å gå av. Det vil seie at ei som var tilsett i ei stilling med aldersgrense 60 år ikkje kunne jobbe til ho var 61, 62 eller 67 år. Det var eit alternativ å søke ansettelsesrådet på arbeidsplassen om å få jobbe ut over aldersgrensa. Gjekk ikkje søknaden gjennom, måtte dei seie opp stillinga ved aldersgrensa og bli pensjonistar.

1. juli i år fjerna Stortinget plikta til å gå av når du når særaldersgrensa for stillinga di. Nå er du ikkje nøydd til å gå av ved for eksempel 60, 63 eller 65 år, men du har ein rett til å kunne gå av. Du har også rett til å jobbe lenger om du ønsker og har helse til det.

Fjerninga av plikta til å gå av gjeld ikkje forsvarstilsette. Aldersgrensa deira er bestemt av forsvarsloven, ikkje loven som gjeld for statstilsette.

Om du går av når du når aldersgrensa for stillinga di, vil du få like mykje i pensjon som da du hadde plikt til å gå av.

Fjerninga av plikta vil ikkje gi økonomiske konsekvensar

Fjerning av plikta til å gå av vil ikkje i seg sjølv ha nokon økonomisk konsekvens for deg. Om du går av når du når aldersgrensa for stillinga di, vil du få like mykje i pensjon som da du hadde plikt til å gå av. Har du ei stilling med aldersgrense 60 år og du sjølv vel å gå av da, vil du altså få like mykje som om du hadde plikt til å gå av ved 60 år.

Det er nokre forskjellar på kva som skjer om du jobbar etter aldersgrensa, og desse forskjellane handlar om når du er fødd:

Fødd i 1963 eller etter:

Du vil fortsetje å tene opp til pensjon om du jobbar etter aldersgrensa for stillinga di. Det vil seie at du vil få meir om du ventar med å ta ut pensjon. Ved å jobbe berre eitt til to år ekstra, vil du få ei vesentleg auke i utbetaling av pensjon livet ut.

Har du teke ut særalderspensjon, vil den bli omrekna til «vanleg» alderspensjon frå månaden etter at du har blitt 67 år. Alderspensjonen blir berekna ut frå ei pensjonsbehaldning du har tent opp mens du har jobba.

Oppteninga i pensjonsbehaldninga stoppar dersom du tar ut særalderspensjonen. Nyttar du retten til å jobbe vidare etter særaldersgrensa, vil du derfor ha ei større pensjonsbehaldning og få høgare alderspensjon frå 67 år enn om du tar ut særalderspensjon.

Fødd i 1962 eller før:

Har du full oppteningstid (30 år) før du når særaldersgrensa, vil du ikkje få ekstra opptening om du vel å jobbe lenger enn aldersgrensa for stillinga di, for eksempel til du er 67 eller 70 år. Har du ikkje full opptening før du når aldersgrensa for stillinga da, vil du få meir oppteningstid dess lenger du jobbar etter aldersgrensa (men ikkje meir enn 30 år).

Frå fylte 67 vil særalderspensjonen din bli omrekna til ein «vanlig» alderspensjon etter dei gamle reglene.

Same regelverk for særalderspensjon gjeld for alle årskull

I 2020 fekk vi eit nytt regelverk for opptening og berekning av alderspensjon for offentleg tilsette fødde i 1963 eller seinare. I det nye regelverket er det ikkje vedtatt nokre andre regler for særalderspensjon for dei som er fødde i 1963 eller seinare, enn for dei som er fødde i 1962 eller før. Inntil vidare fortset derfor det gamle regelverket for uttak og berekning av særalderspensjon å gjelde også for dei fødde i 1963 eller seinare.

Det gamle regelverket skal gjelde fram til ein varig avtale er forhandla fram og godkjend av partane i arbeidslivet. Men som vi har nemnt tidlegare, vil alderspensjonen frå 67 år bli utrekna på ein annan måte for dei som er fødde 1963 eller seinare, enn for dei som er fødde 1962 eller tidlegare.