Er du fødd i 1954, er du ein av dei aller første som blir omfatta av dei nye samordningsreglane nå i 2021

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Er du fødd i 1954 er du ein av dei aller første som blir omfatta av dei nye samordningsreglane nå i 2021
Ja, pensjon bereknes individuelt etter eit komplisert regelverk. Vi kan ikkje seie kva endringane betyr for akkurat deg, men vi kan forklare kvifor det er slik. Foto: iStock.

Pensjonen frå Statens pensjonskasse, og andre offentlege tenestepensjonsordningar, skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordningslova regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar.

Samordning skjer ved at ytingane i folketrygda blir utbetalte i sin heilskap, mens tenestepensjonen blir redusert. Reduksjonen – frådraget – blir berekna med utgangspunkt i det du får utbetalt frå folketrygda.

Regelverket som gjeld frå årsskiftet, omfattar deg som er født mellom 1954 og 1962 og slår først inn den dagen du tek ut alderspensjon frå ei offentleg tenestepensjonsordning frå du er 67 år. Først ut er dei som er fødde i 1954 fordi dei fyller 67 år i år.

Viktig før vi går vidare: Alderspensjon blir utrekna individuelt. Alle har forskjellig pensjonsopptening i både folketrygda og hos oss (eller i ei anna offentleg tenestepensjonsordning). Derfor kan ikkje blogginnlegget seie kva endringa betyr i kroner og øre for deg. Det må du undersøke sjølv. I dette innlegget forklarer vi kvifor det er innført ei endring i regelverket.

Den korte versjonen

  • For deg som er offentleg tilsett og født i 1954-1962, er den totale alderspensjonen din ein kombinasjon av det du får frå folketrygda og det du har tent opp i ein offentleg pensjonskasse.
  • Størsteparten av det du skal ha i kroner og øre, kjem frå folketrygda. Den offentlege tenestepensjonen blir justert slik at du får det riktige samla resultatet (som er opp mot 66 prosent av årslønna di).
  • Det som regulerer forholdet mellom folketrygda og den offentlege tenestepensjonen blir kalla samordning. Nye reglar for samordning gjeld frå og med i år. Reglane fortel oss korleis vi skal berekne tenestepensjonen du får frå oss etter det du får frå folketrygda.
  • Dei som er fødde i 1954 er dei første som får utrekna alderspensjonen etter dei nye samordningsreglane. Dette skjer frå og med februar i år.
  • Samordningsregelverket kan gjere at du får heile alderspensjonen utbetalt frå folketrygda og ingenting frå den offentlege tenestepensjonsordninga. Når det kan skje, er individuelt og etter når du er fødd. Les meir om å jobbe etter 67 på spk.no.
  • Ønsker du å berekne kor mykje du får i alderspensjon? Bruk vår pensjonskalkulator på Min side på spk.no. Har du særaldersgrense? Da kan du ikkje bruke kalkulatoren, og må ta kontakt med kundesenteret vårt.

Den lange versjonen

Pensjonsregelverket er nokså omfattande og kan vere krevjande å sette seg inn i. Vi har skrive ein litt lengre versjon til deg som har lyst til å lære meir om detaljane i samordningsreglane:

Samordning med folketrygda – to måtar å samordne på

I 2011 blei det innført ein ny modell for opptening av pensjon i folketrygda. Du som er fødd i perioden 1954-1962 tener opp alderspensjon i folketrygda delvis etter gamle og delvis etter nye oppteningsreglar.

I det gamle regelverket er det dei 20 beste oppteningsåra som blir tekne med i utrekninga av ytinga du skal få frå folketrygda (besteårsregelen). I det nye regelverket er det «alle år med arbeid» som blir teke med (alleårsregelen). I 2018 kom det derfor reglar om korleis tenestepensjonen – altså alderspensjon frå SPK – skal samordnast med pensjonen slik den er etter nye oppteningsreglar i folketrygda.

Gradvis overgang frå gamle til nye samordningsreglar

Det er årstalet du er født som bestemmer kor stor del av pensjonen frå folketrygda som skal bereknest etter gammal og ny oppteningsmodell. Tilsvarande del av tenestepensjonen din skal samordnast med nye og gamle samordningsreglar.

Delane blir justert etter fødselsår slik figuren viser:

Illustrasjon som viser prosentandelen nytt og gammelt samordningsregelverk etter årskullet du er født.
Figuren viser kor stor del av nytt og gammalt samordningsregelverk som gjeld for årskulla 1954-1962. Dei fødde i 1954 får 10 prosent nytt samordningsregelverk og 90 prosent gamalt. Dei fødde i 1962 får 90 prosent nytt og 10 prosent gamalt regelverk. Illustrasjon: SPK.

For kvart årskull aukar delen som skal samordnast etter nye reglar med 10 prosentpoeng og delen etter gamle reglar reduserast tilsvarande:

  • Født i 1954: alderspensjonen frå folketrygda blir utrekna etter 90 prosent gammalt, og 10 prosent nytt samordningsregelverk
  • Født i 1958: alderspensjonen frå folketrygda blir utrekna etter 50 prosent gammalt, og 50 prosent nytt samordningsregelverk
  • Født i 1962: alderspensjonen frå folketrygda blir utrekna etter 10 prosent gammalt, og 90 prosent nytt samordningsregelverk

For deg som har særalderspensjon og avtalefesta pensjon (AFP)

Når du fyller 67, blir særalderspensjon omgjord til «vanleg» alderspensjon. Særalderspensjonen, som du får frå tenestepensjonsordninga fram til du blir 67 år, blir utbetalte i sin heilskap frå oss eller den pensjonskassen du er medlem av. Ved 67 år kjem folketrygda (NAV) inn i bildet og skal utgjere størsteparten av alderspensjonen din og tenestepensjonsdelen skal justerast ned. Da slår samordninga inn.

Offentleg AFP er ein tidlegpensjon du kan ha frå du er 62 til du blir 67 år. Den er meint for dei som ønsker å gå av heilt eller delvis før dei fyller 67 år. På same måte som for særalderspensjonistar, blir AFP omgjort til ein «vanleg» alderspensjon når du fyller 67 år og skal derfor samordnast med folketrygda.

Har du spørsmål om pensjonen din?

Ja, pensjonane bereknes individuelt etter eit komplisert regelverk. Eg anbefaler deg å ta kontakt med oss eller bruke kalkulatoren vår for å få vite kva endringane betyr for deg.