Du som er fødd mellom 1963 og 1970 kan få tillegg i pensjonen din

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
En dame i 50-årene sitter ved et vindu og ser mot kamera. Foto.
Ved store endringar i pensjonsregelverket, blir det ofte innført overgangsordningar for dei som er født mot starten og slutten av aldersgruppa regelverket gjeld for. Foto: iStock

I 2020 vedtok Stortinget reglar for korleis alderspensjonen skal tenast opp og betalast ut for offentleg tilsette som er fødde i 1963 eller seinare. Endringa frå eit regelverk til eit anna kan bli veldig brått for dei tidlegaste årskulla. Derfor blei partane i arbeidslivet einige om to tillegg i AFP og alderspensjon for dei som er fødde mellom 1963 og 1970.

Merk at berekning av pensjon er veldig individuelt, og det er vanskeleg å komme med konkrete eksempel på kva tillegga vil bety i kroner og øre. Er du ikkje interessert i regelverket, og vil heller vite kva det betyr for deg i kroner og øre? Bruk kalkulator på Min side på spk.no for å sjå kva du kan få og kor lenge du må jobbe for å få den pensjonen du ønsker. NB: Per dags dato kan ikke pensjonskalkulatoren beregne 2011-tillegget for absolutt alle medlemmer. Vi håper at vi får programmert inn 2011-tillegget rundt juletider.

Den korte versjonen

«2011-tillegg» – for dei fødde 1963-1967

  • Dei som har hatt opptening i ei offentleg tenestepensjonsordning før 2011, får eit tillegg som skal kompensere for at dei ikkje har den same pensjonsgarantien som årskulla født før 1963. Dei som er fødde i 1962 eller før er sikra opp mot 66 prosent av lønna si i samla pensjon, dersom dei har full opptening. 
  • Tillegget får du automatisk, og utbetalast livsvarig saman med den delen av alderspensjonen som er tent opp før 2020. Dess lenger du ventar med å ta ut alderspensjonen, dess større kan tillegget bli.
  • Pensjonstillegget blir omtala som «2011-tillegget» fordi det er knytt til overgangen til nye oppteningsreglar i folketrygda som blei innførte i 2011.

Overgangstillegg – for dei fødde mellom 1963 og 1970

  • AFP (avtalefesta pensjon) for dei fødde i 1963 og seinare er ikkje lenger ei tidlegpensjonsordning slik det var før. Framover er AFP eit livslangt tillegg til alderspensjonen.
  • Overgangstillegget blir utbetalt mellom 62 og 67 år. Meininga er å gjere overgangen frå gammalt til nytt regelverk litt mildare for dei første årskulla som blir omfatta av det nye AFP-regelverket.
  • Du må slutte heilt i stillinga for å få overgangstillegget. Sluttar du berre delvis, får du ikkje overgangstillegget.

Den (svært) lange versjonen

Overgangsordningar skal innføre endringane gradvis

Ved store endringar i pensjonsregelverket, blir det ofte innført overgangsordningar for dei som er født mot starten og slutten av aldersgruppa regelverket gjeld for. Det finst eit overgangsregelverk for dei som er født i 1954 til 1962.

Frå og med 2020 gjeld eit eiga overgangsregelverk for dei som er født mellom 1963 og 1970. Det er tre grunnar til at denne siste gruppa har overgangsreglar:

  1. I 2011 fekk folketrygda nye reglar for korleis alderspensjon skal tenast opp.
  2. I 2020 fekk vi ein ny måte å tene opp og utbetala alderspensjon for offentlege tilsette. Denne oppteningsmåten er tilpassa endringane i folketrygda frå 2011.
  3. AFP-ordninga i offentleg sektor går frå å vere ein tidlegpensjon mellom 62 og 67 år til å bli ein livsvarig tilleggspensjon for alle.

«2011-tillegg» får du om du er fødd i 1963-1967

For å kunne forklare 2011-tillegget, må vi først forklare kva levealdersjustering og individuell garanti er:

  • Levealdersjustering: Pensjonen du har tent opp fram til du skal pensjonere deg, skal fordelast på kor mange år som ditt årskull statistisk sett er forventa å leve. Kvart årskull må jobbe lenger enn årskullet før for å oppnå same pensjon som dei som er eit år eldre. Målet med levealdersjusteringa var å skape eit berekraftig pensjonssystem.
  • Individuell garanti: Da politikarane innførte levealdersjustering, innførte dei samtidig ein regel for å skjerme dei som i 2011 hadde mindre enn 15 år igjen til dei fylte 67 år. Årskulla fødde mellom 1954 og 1962 fekk ein garanti for opp mot 66 prosent av sluttlønna i samla alderspensjon frå folketrygda og tenestepensjonsordninga, så lenge dei har full opptening og har jobba i full stilling. Garantien gjeld sjølv om levealdersjusteringa ville ha medført lågare pensjonsutbetaling.

Levealdersjusteringa gjeld for alle årskull. Det gjer ikkje den individuelle garantien. Det inneber at forskjellen mellom årskulla 1962 til 1963 kan bli stor. Derfor får dei som er fødde mellom 1963 og 1967 ein kompensasjon som eit livsvarig tillegg.

Kor stort er tillegget?

Tillegg er på 1,5 prosent av pensjonen som er tent til og med 31. desember 2019. Tillegget blir litt mindre dersom du ikkje har full opptening før denne datoen, eller om du tek ut alderspensjon før du er 67 år. Samtidig blir tillegget redusert med 20 prosentpoeng for kvart årskull frå og med 1964. Det vil seie at 1963-kullet får 100 prosent av tillegget, mens 1967-kullet får 20 prosent.

Overgangstillegg til deg som er født mellom 1963 og 1970

AFP i offentleg sektor går frå å vere ei tidlegpensjonsordning til å bli ein livsvarig tilleggspensjon som blir betalt ut saman med alderspensjonen din. Det er med andre ord ikkje lenger eit krav om at du må slutte i stillinga di for å få AFP.

Akkurat som for 2011-tillegg er det teke somme grep for at overgangen for 1963-årskulla mellom gammalt og nytt regelverk ikkje skal vere urettferdige. Tillegget er meint som ein kompensasjon til dei første årskulla som får ny i staden for gammal AFP-ordning.

Kor stort er tillegget?

Overgangstillegget er 15 prosent av 1 G, som er folketrygda sitt grunnbeløp. 1 G er 106 399 kroner per 1. mai 2021. Dei som er fødde i 1963 får heile tillegget på 15 prosent av 1 G, mens dei som er fødde i 1964 og seinare får ein gradvis nedtrapping på 12,5 prosent av tillegget per fødselsår. Det vil seie at 1963-kullet får 100 prosent av overgangstillegget, mens 1970-kullet får 12,5 prosent.

Du må slutte helt i jobben din for å få overgangstillegget. Trappar du ned stillinga di, eksempelvis med 20 eller 30 prosent, får du ikkje overgangstillegget. Du kan berre få overgangstillegget dersom du har minst 15 års oppteningstid før 31. desember 2019.

Bruk pensjonskalkulatoren på spk.no

Som eg skreiv først, er det ikkje mogeleg å komme med rekneeksempel som gjeld for alle. Pensjon bereknast individuelt. Bruk pensjonskalkulatoren vår. Der kan du sjå kva som gjeld for deg, og kor lenge du må jobbe for å få ein pensjon du er fornøgd med.