Du må betale to prosent av lønna di til oss sjølv om du jobbar etter 67 år. Kva får du igjen for det?

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Du må betale to prosent av lønna di til oss sjølv om du jobbar etter 67 år Kva får du igjen for det
Medlemskapen hos oss er ikkje berre sparing til alderspensjon. Det ville blitt ei mager pensjonstid. Foto: iStock.

Svaret avheng av om du har full oppteningstid på 30 år eller ikkje.

Rask avklaring før du les vidare: dette blogginnlegget er retta mot deg som er fødd i 1962 eller før og jobbar i offentleg sektor. Er du fødd i 1963 eller etter, gjeld heilt andre regler for deg (sjå heilt nedst for meir info).

Aller først: Medlemskapen kostar eigentleg meir enn det du betaler

For tilsett i offentleg sektor betyr medlemskapen hos oss meir enn sparing til berre alderspensjon. I tillegg til livsvarig alderspensjon har du:

  • Uførepensjonsdekning frå du blir tilsett fram til du er 67 år
  • Avtalefesta pensjon (AFP) frå du er 62 til du er 67 år
  • Attlevandepensjon (uansett om du er yrkesaktiv eller pensjonist)
  • Yrkesskadeforsikring (om du er tilsett i staten)
  • Gruppelivsordning (om du er omfatta av Hovedtariffavtalen i staten, eller arbeidsgivaren din har valt å bli med i ordninga)

Det vil seie at du har ekstra tryggleik om du skulle bli sjuk eller skadd slik at du ikkje kan jobbe så mykje som du gjorde før, eller om du ønsker å trappe ned heilt eller delvis før du blir alderspensjonist. Ikkje minst: tryggleik for dine attlevande dersom du skulle døy.

Som medlem blir trekt du to prosent av lønna di for dette dersom du jobbar til du fyller 70 år, og det er lovbestemt. Men det er arbeidsgivaren din som betaler den største delen av premien for medlemskapen din hos oss, nemleg rundt 12-15 prosent av lønna di.

Har du ikkje full oppteningstid på 30 år når du fyller 67 år, kan det lønne seg å fortsette å jobbe

Oppteningstida er individuell, og somme får kanskje ikkje full opptening når dei blir 67 år. Har du ikkje full oppteningstid, vil alle åra og månadene i jobb etter du er 67 år telje opp mot det som for deg blir full opptening. Har du eksempelvis 1 år og 3 månader igjen til du får 30 år, vil dei telje med og kan utgjere ein monaleg sum når du går av.

Du kan også motverke levealdersjusteringa. Levealdersjustering betyr at dei yngre årskulla må jobbe litt lenger enn dei eldre årskulla for å få same pensjon. Den vil påverke dei forskjellige årskulla, opp til og med dei som er fødde i 1962 eller før, på ulike måtar.

På spk.no kan du sjå kor lenge årskullet ditt må jobbe for å motverke levealdersjusteringa.

Har du full oppteningstid på 30 år, «sparer» du ikkje meir til alderspensjonen din. Men du har framleis mange gode

Du sparer ikkje til alderspensjonen din om du jobbar etter at du er 67 år og har full opptening, for den kan ikkje auke meir enn 30 år. Men du har framleis gode dekningar:

Dine attlevande er sikra om du skulle døy

Sjølv om du ikkje kvalifiserer til AFP eller uførepensjon etter du er blitt 67 år, er dine attlevande sikra om du skulle døy mens du er i jobb. Det blir kalla attlevandepensjon, og dekker ektefellen partneren/din og alle barn under 20 år. Du kan også ha ei gruppelivsordning, som er ei eingongsutbetaling til dine attlevande om du skulle døy.

Statstilsette har yrkesskadeforsikringen sin hos oss

Er du statstilsett, har du i tillegg yrkesskadeforsikring hos oss. Den sikrar deg økonomisk om du skulle skade deg på jobben.

To prosent av lønn ville blitt ei svært mager pensjonstid

Offentleg tenestepensjon kan ikkje samanliknast med innskottspensjon i privat sektor

Mange forvekslar offentleg tenestepensjon med innskottspensjon i privat sektor. I ein innskottspensjon setjast det av minimum 2 prosent av lønn, og den går berre til ein tidsavgrensa alderspensjon som du kan ta ut frå du er 62 år til du fyller 77. Medlemskapen din hos oss omfattar, som vi har nemnt ovanfor, meir enn berre ein livsvarig alderspensjon.

Dersom det berre var dei to prosentane frå lønna di som skulle utgjere alderspensjonen, uførepensjonen, AFP og attlevandepensjon, ville det blitt ei veldig mager pensjonstid – både for deg og dine attlevande.

Skulle du gått ut på den private marknaden og henta inn alderspensjon-, uføre- og attlevandedekningar, ville det utvilsamt koste meir i året enn kva du betaler som medlem av oss. Men heile denne rekninga slepp du å ta. Det er eit gode du har som arbeidstakar i ei verksemd som er tilknytt oss.

Er du fødd i 1963 eller etter? Da gjeld heilt andre reglar for deg

Vi skal ikkje gå inn i desse reglane her, men i korte trekk kan du jobbe så mykje du vil fram til du er 75 år. Du får pensjonsopptening så lenge du jobbar. Da skal du sjølvsagt betale inn to prosent av lønna di fram til du blir 75 år. Les meir om reglane som gjeld for deg i artikkelen «Ny offentleg tenestepensjon» på spk.no.