Dette spør lærarane oss om

Ung lærer skriver på ei tavle. Foto
Det handlar om meir enn berre alderspensjon. Foto: iStock.

Kundesenteret i Statens pensjonskasse får inn over 150 000 spørsmål kvart år. Av desse er mange av spørsmåla frå medlemmene våre i utdanningssektoren. Her er dei fem mest stilte spørsmåla vi får frå lærarar.

Eg lurer på kor lenge det lønner seg å jobbe. Når bør eg gå av med pensjon?

Pensjon er veldig individuelt. Vi kan vise deg dei ulike valmoglegheitene og konsekvensane. Det vil som regel lønne seg å jobbe så lenge som mogeleg, sidan du får 100 prosent lønn. Når du går av, vil du få mindre utbetalt i pensjon enn du fekk i lønn.

Født i 1962 eller tidlegare:

  • Jobbar du etter 69 år kan det hende at tenestepensjonen frå oss blir litt lågere. Det kjem av reglane for levealdersjustering. For kvart årskull slår denne effekten inn på eit seinare tidspunkt. På spk.no har vi ein tabell som viser deg frå når dette kan skje.
  • Vel du å ta ut alderspensjon frå folketrygda før du tek ut tenestepensjon frå oss, kan det føre til at du får mindre utbetalt totalt sett. Det vil seie at du kan risikere å få under 66 prosent av sluttlønna di i pensjon.

Født i 1963 eller seinare:

  • Det vil nesten alltid lønne seg å jobbe lengst mogeleg. Då vil du få meir pensjon den dagen du tek han ut.

Bruk pensjonskalkulatoren på spk.no. Der kan du sjå kva alternativ du har og korleis beløpa endrar seg etter kva val du tek.

Eg er pensjonert lærar og har fått tilbod om å vere sensor. Korleis påverkar honoraret alderspensjonen min?

Født i 1962 eller tidlegare:

  • Innmelding i ei offentleg tenestepensjonsordning kan ha konsekvensar: Dersom du blir meld inn i ei offentleg tenestepensjonsordning når du skal vere sensor, kan det få følgjer for pensjonen din. Ta kontakt med oppdragsgivar og sjekk om sensorjobben medfører at du blir meld inn i SPK eller ei anna tenestepensjonsordning.
  • Pensjonistlønn påverkar ikkje alderspensjonen: Alderspensjonistar kan inngå avtale med arbeidsgivar om arbeid etter gitte vilkår og pensjonistlønn. Dersom du er alderspensjonist og blir engasjert på pensjonistvilkår med pensjonistlønn, beheld du som hovudregel pensjonen frå oss utan reduksjon. Dette gjeld uavhengig av kor mykje du tener.
  • Honorar via enkelpersonføretak påverkar ikkje alderspensjonen: Fakturerer du honoraret gjennom eit enkelpersonføretak, blir inntekta frå sensorjobben sedd på som inntekt frå privat sektor. Slik inntekt påverkar ikkje alderspensjonen, og du kan tene så mykje du vil.

Født i 1963 eller seinare:

Du kan jobbe så mykje du vil – med kva du vil – utan at alderspensjon blir redusert.

3. Kor mykje kan eg jobbe ved sidan av AFP?

Du kan jobbe samtidig som du tek ut AFP, men det er ein ting du må vere klar over:

  • Født i 1962 eller tidlegare: du har ei inntektsgrense på 15 000 kroner per år. Tener du meir enn 15 000 kroner må vi berekne AFP-graden din på nytt, og det kan føre til at du får mindre utbetalt.
  • Født i 1963 eller seinare: du kan du fritt kombinere jobb og uttak av AFP. Du får ikkje fastsette ei inntektsgrense og kan tene så mykje du vil utan at det får konsekvensar for utbetalinga frå oss.

NB: Regelverket for dei fødde 1963 eller seinare er ikkje vedteke av Stortinget, men partane i arbeidslivet er einige om prinsippa for AFP. Ordninga er kraftig endra for dei yngre årskulla. Utbetalinga av AFP blir livsvarig, og er lagd opp til å utgjere ein del av din samla alderspensjon.

4. Kan eg fortsette som lærer når eg er delvis ufør? Korleis påverkar inntekta pensjonen?

Du kan jobbe ved sidan av uførepensjon, men det er viktig at du følger med på kor mykje du tener. Vi fastsetter ei individuell inntektsgrense når du søker om uførepensjon første gong. Inntektsgrensa er basert på inntektsopplysingar frå deg eller arbeidsgivaren din.

Du må gi oss beskjed dersom inntekta endrar seg, enten du går opp i lønn eller om du blir friskare og kan jobbe meir. Dersom inntekta di utgjer meir enn 80 prosent av det du tente før du blei ufør, fell uførepensjonen bort. Får du lågare inntekt, blir uførepensjonen auka igjen.

5. Eg skal ha permisjon for å vidareutdanne meg. Kva skjer med pensjonsoppteninga mi?

Medlemmer av Statens pensjonskasse kan få permisjon etter permisjonsavtalen. Det inneber at du fortsetter å tene opp pensjonsrettar mens du er i permisjon.

  • Permisjon med lønn: medlemskapen endrar seg ikkje i perioden. Du får pensjonsopptening den tida du tek ut permisjon, du beheld retten til uførepensjon om du skulle bli sjuk og dine attlevande har rett til attlevandepensjon.
  • Permisjon utan lønn: medlemskapen endrar seg litt. Du får ikkje pensjonsopptening om du tek ut permisjon utan lønn. Du har framleis rett til uførepensjon om du skulle bli sjuk og dine attlevande har rett til attlevandepensjon. Merk at desse rettane berre gjeld i to år frå du tek ut permisjon.

Når du jobbar som lærer, har ikkje arbeidsgivaren din yrkesskadeforsikring eller gruppelivsordning gjennom Statens pensjonskasse. Du må sjølv undersøke kva som gjeld når du tek permisjon for å vidareutdanne deg.

Det handlar om meir enn berre alderspensjon

Vi har nå teke for oss fem av dei mest stilte spørsmåla vi på kundesenteret får inn frå lærarane. På www.spk.no/larer kan du lese meir om kva medlemskapen i SPK betyr for deg.