Hjelp, eg skal skifte jobb!
Kvar dag får kundesenteret våre mange spørsmål via e-post, chat og telefon. Nokre spørsmål går igjen. Som vi tidlegare har skrive her på Pensjonsbloggen, er det få av oss som får gullklokke etter lang og tru teneste. Kva skjer med pensjonen dersom du skiftar jobb?
Dette lurte «Geir» på då han sende ein e-post til oss:
(…) Jobbar for tida for ein arbeidsgivar som er knytt til Statens pensjonskasse, men vurderer ei stilling hos ein arbeidsgivar som har ein annan type pensjonsordning. Kva vil skje med den oppsparde pensjonen min frå dykk?
Når Geir spør slik, betyr det at han har fått med seg noko veldig viktig. Det går eit skilje mellom offentleg og privat tenestepensjon, som det er smart å kjenne til.
Med offentleg tenestepensjonsordning
Dersom Geir sluttar i jobben og begynner å jobbe hos ein arbeidsgivar knytt til ei anna offentleg pensjonsordning som er med i overføringsavtalen, er han sikra at han får med seg pensjonsoppteninga frå SPK over til den nye pensjonsordninga si.
Overføringsavtalen fungerer slik at siste pensjonsordning bereknar og utbetaler pensjonen din, og medreknar medlemstida di frå SPK og eventuelle andre offentlege tenestepensjonsordningar du har vore medlem av. Du må til saman ha minst tre år med opptening for å ha rett til tenestepensjon.
Utan offentleg tenestepensjonsordning
Dersom Geir sluttar i jobb (og begynner i stilling utan offentleg tenestepensjonsordning), kan han ha rett til alderspensjon etter reglane for tidlegare medlemer.
Den blir utbetalt normalt frå fylte 67 år og føreset at du samtidig søkjer om alderspensjon frå folketrygda. Igjen må du ha opptening i minst tre år for å ha rett til pensjon. Denne kjem i tillegg til pensjonsordninga frå din(e) nye arbeidsplass(er).
Dersom Geir har vore medlem av anna offentleg tenestepensjonsordning etter at han var medlem i SPK, så er det siste ordning som skal utbetale samla pensjon.
Viktig å vite
Går du til ein jobb som ikkje er knytt til Statens pensjonskasse, må du normalt ha jobba i 100 prosent stilling i 40 år i di tidlegare stilling for å ha full pensjonsopptening. Som aktiv medlem i SPK treng du berre 30 år for oppnå full opptening.
Lars Martin Hopmoen er rådgiver på kundesenteret i Statens pensjonskasse. Sammen med sine kollegaer svarer han hvert år på over 150 000 henvendelser på chat, telefon og e-post fra medlemmer og arbeidsgivere.