Pensjonistlønn kan ikkje kombinerast med AFP eller uførepensjon
Mange trur dei kan jobbe på pensjonistlønn når dei tek ut offentleg AFP eller uførepensjon. Det stemmer ikkje.
Spørsmålet er ein gjengangar på kundesenteret vårt. Kan eg jobbe på pensjonistlønn når eg tek ut AFP eller uførepensjon? Somme har også høyrt at arbeidsgivar har sagt dei kan jobbe på pensjonistlønn under AFP eller uførepensjon. Stemmer det?
Svaret er: nei, det kan du ikkje.
Berre for alderspensjonistar
Kvifor det? Pensjonistlønn er ein type lønn som berre alderspensjonistar kan nytte seg av utan å få redusert alderspensjonen sin. Per i dag er pensjonistlønna på 201 kr per time, og er sette så lågt at den ikkje skal påverke alderspensjonen din frå SPK. Pensjonistlønn for lærarar blir rekna på ein annan måte. Les meir på spk.no.
Det kan vere at omgrepet «pensjonistlønn» er forvirrande, sidan AFP – avtalefesta pensjon – og uførepensjon har ordet «pensjon» i seg.
Alt handlar om du blir innmeldt i ei offentleg tenestepensjonsordning. Blir du innmeldt kan du få reduksjon i alderspensjonen. På pensjonistlønn blir du ikkje innmeldt i ei offentleg tenestepensjonsordning. Det er også eit krav om at du har teke ut heil eller delvis alderspensjon, og at arbeidet skal vere kortvarig og tilfeldig arbeid.
For andre livsfasar
AFP og uførepensjon er for andre livsfasar, og har derfor andre regelverk. AFP i det offentlege er ei førtidspensjonering for dei som ønskjer å trappe ned før pensjonsalderen. Uførepensjon er for dei som ikkje kan jobbe som følgje av sjukdom eller skade.
Uførepensjon og AFP som ytingar er ei erstatning for lønna du normal ville hatt dersom du framleis stod i stillinga.
Kva om eg mottok pensjonistlønn ved ein feil?
Dersom du ved ein feil har fått pensjonistlønn, kan dette påverke din AFP eller uførepensjon. Pensjonistlønna blir rekna som «vanleg» arbeidsinntekt og kan gjere at ytingane blir reduserte.
AFP og uførepensjon har forskjellige måtar inntekta blir løyst på.
No må du ikkje tru at du ikkje kan jobbe ved sidan av offentleg AFP og uførepensjon. Det kan du sjølvsagt, men altså ikkje på pensjonistlønn. Les meir om inntekt om du:
Lars Martin Hopmoen er rådgiver på kundesenteret i Statens pensjonskasse. Sammen med sine kollegaer svarer han hvert år på over 150 000 henvendelser på chat, telefon og e-post fra medlemmer og arbeidsgivere.