Kvifor får eg framleis ikkje vite kva eg får i pensjon?

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Kvifor får eg framleis ikkje vite kva eg får i pensjon
For litt over to år sidan snakka vi om elefanten i rommet. Den er der inne framleis … i alle fall halvveges. Foto: Pensjonsbloggen.

I mai 2017 la vi ut eit blogginnlegg som forklarte kvifor nokon av våre medlemer ikkje kunne få utrekna den framtidige alderspensjonen sin. Nå, to år etter, har vi framleis ikkje alle svar. Men vi nærmar oss …

Den enklaste historia (for deg som er født 1954-62)

I 2011 kom første del av ei pensjonsreform som vi framleis er midt inne i. Regelendringane som kom i 2011 omfatta folketrygda for alle årskull og offentleg tenestepensjon for årskulla til og med 1953 – pluss ei garantiordning for årskulla 1954-1962.

Bruk kalkulatoren vår

Er du fødd i 1962 eller tidlegare, kan du kanskje bruke pensjonskalkulatoren på spk.no for å berekne din eigen alderspensjon.

Den meir kompliserte historia (for deg som er født etter 1962)

Pensjonsreglar er ikkje som trafikkreglar. I trafikken kan ei gate vere einvegskjørd i dag, mens den blir opna for vanleg trafikk i morgon. Pensjon er noko du opparbeider deg gjennom eit langt liv, og derfor må reglane endrast gradvis.

Følgja er at dei garantiordningane som gjeld årskulla 1954-1962 ikkje er dei einaste overgangsordningane som vil komme. Når Stortinget fattar det endelege vedtaket sitt om framtidas offentlege tenestepensjon, snakkar vi i realiteten om fleire ulike regelverk som vil leve side om side i mange år.

For oss, og for alle andre pensjonsleverandørar, er det krevjande bygge alle desse reglane inn i datasystema våre, og det vil framleis ta tid før kalkulatoren på spk.no kan brukast av alle årskull.

Men vi jobbar kontinuerleg med å tilby så god informasjon som mogeleg. Og vi prøver så godt vi kan å forklare kva dei nye reglane etter all sannsyn kjem til å bety.

Er du fødd i 1963, eller seinare, er det framleis x-ar og y-ar i berekningsmodellane som ikkje er avklarte, men vi har lagt ut informasjon på spk.no som kan hjelpe deg eit stykke på veg.

Finn ut kva dei nye reglane inneber

Ny offentleg tenestepensjon artikkelen gir deg hovudpunkta i det nye regelverket. På den sida kan du også sjå sånn omtrent kva dei nye reglane kjem til å bety for Henrik (1963), Anna (1973), Kaja (1983) og Mikkel (1993).

Faksimilie fra spk.no fra artikkelen "Omtrent slik blir alderspensjonen din"
På spk.no kan du se eksempler på hvordan alderspensjonen kan bli for årskullene født i 1963 og etter. Foto: spk.no