Hjelp, eg flytter!

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Hjelp eg flytter
Ingenting i vegen for å ta med seg pensjonen til eit land med hengekøyeklima. Foto: iStock 

Ganske ofte får vi på kundesenteret spørsmål om flytting. Og særleg frå pensjonistar som har bestemt seg for å flytte til utlandet. I dag var det Knut som sende oss ei melding. Her er spørsmålet hans:

«Eg skal flytte til Thailand om ei månads tid. Er det noko spesielt eg må gjere meg overfor Statens pensjonskasse, anna enn å endre adressa mi i folkeregisteret? Til orientering har eg informert NAV».

Knut avslutta med «På førehand takk» og «Ha ein god dag», og det er jo alltid hyggeleg. Men det viktigaste i meldinga hans var at han hadde meldt frå til NAV, for det må han gjere.

Her er svaret han fekk frå oss:

«Det er fint at du allereie har kontakta NAV. Når det gjeld forholdet ditt til Statens pensjonskasse, er det berre ein ting du må gjere, og det har du nemnt sjølv. Du må melde adresseendring i folkeregisteret, slik at framtidige brev frå oss vil komme fram til deg. For sjølve pensjonsutbetalinga sin del speler den inga rolle for oss om du bur i Noreg eller utlandet.

Lykke til med flyttinga!»

I e-posten blei Knut også oppfordra til å ta kontakt med kundesenteret vårt på tlf. 02 775, dersom han hadde fleire spørsmål. Han blei også mint om at han kan finne mykje nyttig informasjon på spk.no.»

Oppfordringa og påminninga går vidare til deg, dersom du er blant dei som har tenkt å flytte frå Noreg som pensjonist.