Om pensjonsbloggen
Velkomen!
Dette er Statens pensjonskasse sin blogg.
Den er forsøket vårt på å gjere informasjon om pensjon litt meir forståeleg. Vi kan ikkje love at alt blir leikande lett å forstå dersom du følgjer bloggen vår. Men vi lover at vi skal gjere vårt aller beste for å forklare reglar, ord og omgrep så tydeleg vi berre kan – i ei litt meir uformell form enn den vi kan bruke på nettsider og i brev.
Vi gjer det fyrst og fremst fordi det ligg i samfunnsansvaret vårt å drive folkeopplysning om pensjon generelt og tenestepensjon spesielt. Vi ønskjer å hjelpe medlemene våre slik at dei kan nok om pensjonsordninga si til å ta kvalifiserte val om eiga pensjonsframtid.
Vi har også lyst til å finne ut om det faktisk er mogeleg å skrive om pensjon på ein måte som gjer at du som les av og til trekkjer litt på smilebandet.
I bloggen vil du derfor finne ei blanding av faglege innlegg om pensjon og regelverk, og uformelle skråblikk meir indirekte knytt til pensjon og pensjonisttilvære. Kanskje nyttar vi også høvet til å kommentere det andre skriv om pensjon i media eller i andre kanalar.
Det er opp til deg som les å avgjere om vi lukkast med å nå ambisjonane. Dersom du heller vil seie noko til oss i bloggredaksjonen, utan å dele kommentaren din med andre, kan du bruke denne e-postadressa: pensjonsbloggen@spk.no. Ansvarleg for bloggen er kommunikasjonsrådgjevar Sivert Almvik.
Personvern
Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvennleg nettstad, ser vi på brukarmønsteret til dei som gjestar nettstaden. For å analysere informasjonen, brukar vi analyseverktøyene Silktide og Piwik Pro.
Begge analyseverktøyene bruker informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som nettstaden lagrar på datamaskina til brukaren), og som gir informasjon om den einskilde brukaren sin rørsler på våre nettsidar. Eksempel på kva statistikken gir oss svar på er; kor mange som gjestar ulike sider, kva nettstader brukarane kjem frå og kva nettlesarar som blir nytta. Ingen av informasjonskapslane gjer at vi kan knytte informasjon om bruken din av nettstaden til deg som enkeltperson.
Informasjonen som blir samla inn av analyseverktøya blir lagra på serverar i Europa innen EU. Mottekne opplysingar er underlagt Norges retningslinjer for personvern.
Ei IP-adresse er definert som ei personopplysing fordi den kan sporast tilbake til ei bestemt maskinvare og dermed til ein enkeltperson. Statens pensjonskasse bruker verktøya slika at IP-adressa er anonymisert før informasjonen blir lagra og nytta. Dermed kan ikkje den lagra IP-adressa nyttast til å identifisere den einskilde brukaren.
Les meir om personvern på spk.no.
Informasjonskapsler
Her er en kort oversikt over noen hovedtyper av informasjonskapsler som vi benytter:
Kapsel navn | Utløpstid | Løsning | Beskrivelse |
---|---|---|---|
__cf_bm | 30 minutter | vimeo.com | Funksjonell informasjonskapsel for å vise video med Vimeo. |
ppms_privacy | 1 år | Piwik Pro | Lagrer valget om du har godkjent eller ikke godkjent informasjonskapsler. |
pk_id | 13 måneder | SPK.no (Piwik Pro) | Registrerer en unik ID som brukes til å generere statistiske data om hvordan den besøkende bruker nettstedet. |
pk_ses | 30 minutter | SPK.no (Piwik Pro) | Generere statistiske data om hvordan den besøkende bruker nettstedet på et besøk. |
Kommentarfelt er slått av
Vi skal nå gå gjennom personvernrutinane våre, og har derfor inntil vidare slått av kommentarfunksjonen på alle nye og gamle blogginnlegg.