Ny pensjonskonto gjeld ikkje offentleg tenestepensjon

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Ny pensjonskonto gjeld ikkje offentleg tenestepensjon
Har du mange pensjonskapitalbevis? No blir dei samla i ein konto for deg. Foto: iStock.

Frå og med i år har alle arbeidstakarar som har privat innskottspensjon, ein eigen pensjonskonto. Det gjer at pensjonssparinga i privat sektor blir samla på ein konto. I offentleg sektor har vi lenge hatt liknande ordning i overføringsavtalen.

Fordelen med den nye pensjonskontoen er at det blir enklare for deg å halde oversikt, og du kan få litt meir i kroner og øre den dagen du blir pensjonist.

Dette er den nye pensjonskontoen i privat sektor

  • Du får med deg opptening sjølv om du jobbar kortare enn 12 månader. Før 2021 hadde du ikkje krav på å få med deg pensjonsopptening frå ein arbeidsgivar dersom du jobba kortare enn 12 månader. Det vil seie at dersom du jobba ein stad i 11 månader før du slutta, gjekk alle pengane som blei sette av til deg tilbake til arbeidsgivar.
  • Du får berre ein pensjonskonto å halde styr på. Hadde du fleire jobbar i der du har jobba lenger enn 12 månader, fekk du med deg det som blir kalla eit «pensjonskapitalbevis». Det er dokumentasjon på at du har spart opp pensjon frå eit tidlegare arbeidsforhold. Dess oftare du byttet jobb, dess fleire slike bevis fekk du – gjerne frå forskjellige leverandørar som alle tek betalte for pensjonskapitalbeviset.
  • Du slepp sjølv å samle pensjonskapitalbevisa dine. Den nye loven seier at alle tidlegare arbeidsforhold skal samlast på ein konto. Frå og med i år slepp du altså å sette deg ned, samle inn informasjon om bevisa dine og gjere den jobben sjølv. Når skjer det automatisk.
  • Du betaler mindre i gebyr for pensjonskapitalbevisa dine. For kvart pensjonskapitalbevis du hadde, måtte du som regel betale for forvaltinga av pengane og kanskje ei ekstrabetaling av kor mykje pengane dine voks (avkastning). Nå skjer det berre hos ein leverandør, ikkje fleire. Det vil nok gi meir pengar i lomma den dagen du går av.
  • Ei samla utbetaling den dagen du blir pensjonist. I staden for å få utbetalinga frå fleire forskjellige leverandørar, får du utbetalte alt frå ein og same pensjonskonto.

Store likskapstrekk med overføringsavtalen i offentleg sektor

Den nye pensjonskontoen gjeld berre for privat sektor. Offentleg sektor er ikkje omfatta av den nye loven som gjeld frå i år. Men, den nye pensjonskontoen i privat sektor har store likskapstrekk med noko offentleg sektor har hatt i mange år: overføringsavtalen.

Overføringsavtalen sikrar pensjonsoppteninga di i offentleg sektor

Overføringsavtalen er ein avtale mellom dei ulike offentlege pensjonskassane i Noreg. Den skal sikre at du får med deg all pensjonsopptening og andre rettar som uførepensjon, dersom du byter jobb innan offentleg sektor.

Det vil seie at du ikkje treng å «starte på nytt» dersom du har jobba i ein kommune i nokre år, og så får du ny jobb i ein fylkeskommune eller staten. Du får med deg det du hadde i den kommunale pensjonskassen og over til oss eller den fylkeskommunale pensjonskassen.

Det er vi i Statens pensjonskasse som administrerer avtalen på vegner av alle pensjonskassane.

Pensjonskassane gjer jobben for deg

Vi, som pensjonskassar, sørger for at alle rettane og oppteninga di blir tekne vare på for deg. Du treng ikkje gjere noko sjølv, eller varsle den nye pensjonskassen at du før har vore medlem ein annan stad.

Du slepp også å sette deg ned for å samle inn informasjon om den ulike medlemskapen din i pensjonskassane. Det er den siste pensjonskassen du var medlem i som skal samle informasjonen om deg og betale ut alders- eller uførepensjonen den dagen du treng det. Du treng berre å søke ein stad. Resten fiksar vi pensjonskassane på bakrommet.

I offentleg sektor blir alle arbeidsforhold telt med

I privat sektor var det tidlegare ikkje mogeleg å få med seg eller fortsette på pensjonsopptening for tilsettingar under 12 månader. Slik har det aldri vore i offentleg sektor sidan 1977.

Overføringsavtalen sikrar at sjølv korte arbeidsforhold blir teke vare på, og tel dersom du begynner å jobbe i offentleg sektor igjen. Det betyr at dersom du hadde 6 månader i ein kommune, og så begynner du å jobbe i ein fylkeskommune eller staten, startar du ikkje på null igjen.

Korleis skaffe deg oversikt

  • Du kan bruke nav.no eller norskpensjon.no for å skaffe deg oversikt over kva du har av rettar i privat og offentleg sektor.
  • Har du berre vore medlem hos oss? Da kan du logge inn på Min side på spk.no for å sjå historikken din hos oss.
  • Har du vore medlem i andre offentlege pensjonskassar? Da må du logge inn eller kontakte kvar enkelt pensjonskasse for å få vite historikken din.