Nye reglar for samordning av ektefellepensjon for deg fødd i 1954-1962

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Nye reglar for samordning av ektefellepensjon for deg fødd i 1954-1962
Endringane i regelverket gjeld alle som er fødde i 1954 eller seinare, og som har såkalla «bruttoberekna ektefellepensjon». Foto: iStock

Førre veke skreiv vi om samordning av alderspensjon mellom folketrygden og offentleg tenestepensjonsordning frå 2021. Det nye regelverket gjeld òg deg som mottek ektefellepensjon frå nokon som var medlem hos oss.

Kva samordning er

Pensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar, skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordningslova regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar.

Samordning skjer ved at ytingane i folketrygda blir utbetalte i sin heilskap, mens tenestepensjonen blir redusert. Reduksjonen – frådraget – blir berekna med utgangspunkt i det du får utbetalt frå folketrygda.

Dei som har ektefellepensjon frå ei offenteleg tenestepensjonsordninge skal óg samordnast med ytingar frå folketrygda. Frå og med i år gjeld eit heilt nytt samordningsregelverk, og først ut er 1954-årgangen fordi dei fyller 67 år i år.

Viktig før vi går vidare:

Vi rekner ut ektefellepensjon individuelt. Vi kan difor ikkje seie eksakt kor mykje endringa betyr i kroner og øre for deg. Det må du undersøke sjølv. I dette blogginnlegget forklarer vi kvifor det er innført ei endring i regelverket.

Den korte versjonen

  • Dei nye samordningsreglane kan gje følger for ektefellepensjonen frå oss fordi NAV frå og med i år begynner å fase inn ny alderspensjon frå folketrygda.
  • Fordi det kjem eit nytt regelverk for alderspensjon, må vi gjere tilsvarande endringar for ektefellepensjon for å følge folketrygdas regelverk.
  • Endringane i regelverket gjeld alle som er fødde i 1954 eller seinare, og som har såkalla «bruttoberekna ektefellepensjon» etter eit medlem hos oss (eller i ein annan offentleg tenestepensjonsordning).
  • Har du det som kallast «nettoberekna ektefellepensjon», blir du ikkje påverka av det nye regelverket.
  • Ønsker du å vite meir om kva endringane betyr for ektefellepensjonen din? Ta kontakt med kundesenteret vårt.

Den lange versjonen

Regelverket er temmeleg omfattande og kan vere krevjande å sette seg inn i. Vi har skrive ein litt lenger versjon til deg som har lyst til å lære meir om detaljane i regelverket.

Innfasing av ny alderspensjon frå folketrygden frå 2021

Ektefellepensjonen fra oss skal samordnast med alderspensjonen frå folketrygda. Innfasinga kan påverka dei som får bruttoberekna ektefellepensjon frå oss. På grunn av det nye regelverket må vi gjere tilsvarande endringar slik at vi følger folketrygdas regelverk.

I 2011 blei det innført ein ny modell for opptening av pensjon i folketrygda. Du som er fødd i perioden 1954-1962, tener opp alderspensjon i folketrygda delvis etter gamle og delvis etter nye oppteningsreglar:

  • I det gamle regelverket er det dei 20 beste oppteningsåra som blir tekne med i utrekninga av ytinga du skal få frå folketrygda (besteårsregelen).
  • I det nye regelverket er det «alle år med arbeid» som blir teke med (alleårsregelen).

Dei nye reglane beskriv korleis ektefellepensjonen skal samordnast med pensjonen utrekna etter dei nye oppteningsreglane i folketrygda.

To typer ektefellepensjon frå offentlege tenestepensjonsordninger

Regelverket for ektefellepensjon er noko av det mest kompliserte vi har. Eg skal prøve å gjere det så enkelt, at du raskt kan sjå om du påverkast eller ikkje.

Det er mange element i utrekning av ektefellepensjon, men overordna er det to ulike formar for ektefellepensjon;

  1. Bruttoberekna: Full årleg brutto ektefellepensjon utgjer 39,6 prosent av avdødes pensjonsgrunnlag og utgjer 60 prosent av alderspensjonen hvis avdøde allereie var pensjonist. Bruttoberekna ektefellepensjon samordnar vi med ytingar fra folketrygda og med andre tenestepensjoner.
  2. Nettoberekna: Full årleg nettoberekna ektefellepensjon utgjer 9 prosent av avdødes pensjonsgrunnlag. Nettoutrekna ektefellepensjon samordnar vi ikkje med ytingar frå folketrygda, berre med andre tenestepensjoner.

Bruttoberekna ektefellepensjon fasast sakte ut

Den bruttoberekna ektefellepensjonen fasast ut til fordel for den nettoberekna ytinga, som er tilpassa den nye folketrygda. Her kjem dei nye reglane inn: innfasinga skjer gradvis og etter året du som etterlatt er fødd, og frå månaden etter du fyller 67 år.

  • Fødd i 1954: 90 prosent bruttoberekna og 10 prosent nettoberekna ektefellepensjon.
  • Fødd i 1958: 50 prosent bruttoberekna og 50 prosent nettoberekna ektefellepensjon.
  • Fødd i 1962: 10 prosent bruttoberekna og 90 prosent nettoberekna ektefellepensjon.
Innfasinga skjer gradvis og etter året du som etterlatt er fødd. Illustrasjon: Statens pensjonskasse.

Ingen endring for dei med nettoberekna ektefellepensjon

Har du allereie nettoberekna ektefellepensjon? Då blir du ikkje omfatta av dei nye reglane, som berre gjeld dei som har bruttoberekna ektefellepensjon.

Har du spørsmål om pensjonen din?

Ja, ektefellepensjonane vert berekna individuelt etter eit komplisert regelverk. Eg anbefaler deg å ta kontakt med oss for å få vite kva endringane betyr for deg.