Etteroppgjer og AFP – har du fått rett pensjon?

En eldre mann ser overrasket på en PC-skjerm. Foto
Kvart år når fastsettinga (det som tidlegare heitte skattelikninga) er klar, gjennomgår vi pensjonen din. Foto: iStock

Det er tid for etteroppgjer for pensjonistar med avtalefesta pensjon (AFP) frå oss. Etteroppgjeret for 2020 startar i oktober. Har du fått riktig pensjon; får du baksmell eller pengar tilbake?

Kva er etteroppgjer?

På same måte som Skatteetaten gjennomfører skatteoppgjeret sitt, gjennomfører vi i Statens pensjonskasse eit etteroppgjer for AFP. Etteroppgjeret kan samanliknast med eit skatteoppgjer. Kvart år når fastsettinga (det som tidlegare heitte skattelikninga) er klar, gjennomgår vi pensjonen din.

Har du fått for liten pensjon utbetalt, etterbetalar vi pensjon. Har du fått meir pensjon utbetalt enn du skulle – på grunn av høgare inntekt enn forventa – får du «baksmell» (akkurat som i skatteoppgjeret).

Vi samanliknar arbeidsinntekta som du melde inn da du søkte AFP og kvar gong du har fått inntektsendringar, opp mot den reelle inntekta du har hatt slik det går fram av Skatteetatens fastsetting for inntektsåret ditt.

Dersom avviket mellom forventa og reell inntekt er større enn toleransebeløpet på 15 000 kroner, bereknar vi ein ny pensjonsgrad. Da får du enten tilbakebetalt pensjon frå oss, eller du må tilbakebetale for mykje utbetalt pensjon. Akkurat som i skatteoppgjeret.

Du får ikkje brev frå oss dersom berekninga viser at det ikkje blir nokon endring i pensjonen din.

Toleransebeløp, ikkje eit fribeløp

Legg merke til at det står toleransebeløp. Det betyr at avvik under 15 000 kroner fører ikkje til omrekningar.

Toleransebeløpet er absolutt. Det betyr at dersom du har tent 15 001 kroner meir enn det du har meldt som forventa inntekt for året, skal AFP-ein din reknast om. Det kan synast strengt, men her er reglane klare.

Må eg sende inn dokumentasjon?

Frå og med i fjor fekk vi detaljerte skatteopplysingar frå Skatteetaten. Dei fleste treng derfor ikkje å ettersende dokumentasjon til oss. I einskilde tilfelle vil du likevel måtte sende dokumentasjon til oss. Dette kan spesielt gjelde for personar med næringsinntekt.

Sjå vår sjekkliste om du er i tvil om dette gjeld deg. Vi gjer oppmerksam på at vi ikkje sender ei bekrefting på motteken dokumentasjon.

Du skal ikkje sende oss dokumentasjon som gjelder feriepengar. Vi får disse opplysningane frå Skatteetaten.

Slik kan du sikre at du får riktig utbetaling i 2021

Sjølv om vi nå mottek meir detaljerte opplysingar frå Skatteetaten, får vi dei ikkje «live». Derfor er det viktig at du melder frå til oss kva du forventar å tene i år. Da justerer vi AFP-en din ut frå dette.

Korleis melder du inntekt?

  • Du er mellom 62 og 65 år: Du skal melde frå om inntektsendring til NAV. Meir informasjon finn du på nav.no.
  • Du er 65 år eller eldre: Du skal melde frå til oss i SPK. Det gjer du lett ved å logge deg inn på vårt sikre og krypterte kontaktskjema, der du kan skrive inn kva du trur du kjem til å tene i år.

NB: Det viktig å merke seg at det ikkje held å berre melde frå til NAV eller via Altinn. Systema våre er forskjellige, og snakkar dessverre ikkje godt nok saman.

Publisert i AFP

2 thoughts on “Etteroppgjer og AFP – har du fått rett pensjon?

    1. Hei, Fred Tore!
      Det er ikke så lett å svare på uten videre. På Skatteetatens nettsider går det frem at det finnes to varianter av kjøre- eller bilgodtgjørelse: Trekkfri og trekkpliktig. Hvem som er arbeidsgiver skal ikke ha noe å si. Det vil si at bilgodtgjørelse kan være trekkpliktig eller ikke trekkpliktig, og hvis den er trekkpliktig skal den også regnes med som inntekt i AFP-sammenheng.

      Vil anbefale deg å høre med de som skal utbetale kjøregodtgjørelsen for å sjekke om den er trekkpliktig eller ikke.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.