Tidleg uttak av alderspensjon frå folketrygda og offentleg tenestepensjon

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Tidleg uttak av alderspensjon frå folketrygda og offentleg tenestepensjon
Tidleg uttak av alderspensjon frå folketrygda inneber at du tek eit val. Eit val om å ta pensjon på forskott, og eit val om å sjølv ta over ansvaret for å forvalte pengar du skal leve av når du blir pensjonist. Foto: iStock

Dette skjer med alderspensjonen din ved 67 år når du på førehand har teke ut alderspensjon frå folketrygda.

Mange har fått med seg at dei kan ta ut alderspensjon frå folketrygda frå 62 år. Samtidig veit mange offentleg tilsette med at dei skal ha 66 prosent av pensjonsgrunnlaget sitt i pensjon frå fylte 67 år, som er den vanlegaste pensjonsalderen i offentleg sektor.

For at du skal oppnå 66 prosent i alderspensjon ved 67 år treng du full tenestetid på 30 år, og du må tilhøyre dei årskulla som fekk vidareført garantien etter pensjonsreforma – det som heiter individuell garanti.

Tidleg uttak? Da må du vere klar over følgjande

For å forstå korleis tidleguttak av alderspensjon frå folketrygda påverkar livsvarig pensjon ved 67 år, bør du vere klar over følgjande:

Når pensjonen din ved 67 år er samordna består totalt utbetalt alderspensjon av tre element: Netto tenestepensjon frå SPK + alderspensjon frå folketrygda + garantitillegg frå SPK. Dette utgjer 66 prosent av ditt pensjonsgrunnlag forutsett full oppteningstid, og at du ikkje tek ut alderspensjon frå folketrygda før 67 år.

Totalpensjon ved 67 år vil ikkje utgjere 66 prosent av grunnlaget når du har teke ut alderspensjon frå folketrygda på førehand. Det betyr ikkje at pengar er borte. Pengane har du allereie, men du har valt å ta dei ut på forskott.

I samsvar med avtalen etter lønnsforhandlingane 2009, blir dette forklart på følgjande måte:

«Berekning av tenestepensjon – medrekna samordning med alderspensjon frå folketrygda – skal skje slik at tenestepensjonen ikkje blir påverka av når den nye fleksible alderspensjonen frå folketrygda blir teken ut»

Enkelt forklart inneber dette; det du får i pensjon frå SPK ved pensjonering ved 67 år er akkurat det same, uavhengig av om du har teke ut pensjonen din frå folketrygda på førehand eller ikkje. Du får altså verken meir eller mindre enn det du skulle hatt i begge tilfelle.

For eksempel:

Per, som er ein arbeidstakar i offentleg sektor, er fødd i 1958 og pensjonerer seg på 67-årsdagen. Han har dei siste 30 åra jobba i ei 100 prosent stilling. Sluttlønna til Per er 520 000 kroner.

  • Dersom han ikkje har teke ut alderspensjon frå folketrygda på førehand vil pensjonen tilsvare 66 prosent av pensjonsgrunnlaget og sluttlønna til Per, det vil seie 343 200 kr.
  • Dersom Per har teke ut 100 prosent alderspensjon frå folketrygda frå 62 år kombinert med arbeidsinntekt for så å pensjonere seg som 67-åring, utgjer livsvarig pensjon i dette tilfellet 292 575 kr.
 Folketrygduttak frå 62 år, pensjonering ved 67 årFolketrygduttak og pensjonering ved 67 år
Netto tenestepensjon frå SPK etter samordning67 67367 673
Alderspensjon frå folketrygda203 769254 394
Garantitillegg21 13321 133
Samla total alderspensjon frå 67 år og resten av livet292 575343 200

Som du ser i tabellen består pensjonen til Per ved 67 år av: netto tenestepensjon og garantitillegg frå SPK + alderspensjon frå folketrygda. Sum nettopensjon og garantitillegg er identisk i begge tilfelle. Det einaste som utgjer ein forskjell er utbetalingane frå folketrygda.

Dess lenger du ventar, dess meir får du

Ved innføringa av tidleg uttak av alderspensjon frå folketrygda kom også levealdersjustering. Det inneber at dess lengre du ventar med å ta ut pensjon frå folketrygda, desto meir får du i årleg utbetaling.

Førestiller du deg pensjonen i folketrygda som ei kake blir det logisk. Du kan velje om du vil starte uttaket tidleg, og dermed dele «kaka» di i små kakestykke fordelte på lenger forventa levetid. Eller du kan vente så lenge som mogeleg med å ta ut pensjon frå folketrygda, og på den måten dele «kaka» i større kakestykke fordelte på kortare forventa levetid. «Kaka» di er i utgangspunktet like stor i begge tilfelle. Alt handlar om kor tidleg du har lyst til å begynne å ete av den.

Tidleg uttak er eit val du må gjere

Den offentlege tenestepensjonen blir verken lågare eller høgare basert på individuelle val om tidspunkt for å ta ut tidleg alderspensjon, for dei som pensjonerer seg ved 67 år. Totalsummen frå 67 år er likevel påverka. Tidleg uttak av alderspensjon frå folketrygda inneber at du tek eit val. Eit val om å ta pensjon på forskott, og eit val om å sjølv ta over ansvaret for å forvalte pengar du skal leve av når du blir pensjonist.

NB: Dette blogginnlegget blei først publisert på pensjonsblogg til NAV, deterdinpensjon.no.