Takk til alle som deltok på gratis pensjonskurs!

«Rist på hendene og si yeaaaah! Dere har individuell garanti». Kursholder, Henk Sivertsen, sørger for topp stemning på gratis pensjonskurs. Alle som holder hendene i været er født i 1958 eller før. Foto: Sivert Almvik/SPK.

I dag, 28.11.2017, held vi det siste jubileumskurset i samband med vårt 100-årsjubileum. Fekk du ikkje plass, eller lurer du på noko som ikkje blei teke opp på kurset? Du treng ikkje vente i 100 år til.

Responsen på invitasjonen til gratiskursa var stor. Kring 3 000 kursplassar i Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og Tromsø gjekk unna på nokre få timar.

Pensjon er eit vanskeleg tema. Mange slit med å finne informasjon som er forståeleg fordi regelverket er komplisert med mange unnatak, og det er mange faguttrykk å sette seg inn i.

Det er i tillegg varsla endringar i regelverket for offentleg tenestepensjon som vil gjere at behovet for forståeleg informasjon aukar.

Jubileumskursa varte berre i to timar, og ga ei innføring i pensjonsordninga i Statens pensjonskasse. Det var altså mykje vi ikkje kunne gå inn på. Dei «vanlege» kursa våre er meir detaljerte.

Kort og generelt

Som ei jubileumsgåve til medlemane våre laga vi eit eige informasjonskurs, og sende vår mest erfarne kurshaldar på Noregsturné.

Jubileumskursa varte berre i to timar, og ga ei innføring i pensjonsordninga i Statens pensjonskasse. Det var altså mykje vi ikkje kunne gå inn på. Dei «vanlege» kursa våre er meir detaljerte, og kostar pengar – men du får då enda meir spesialretta informasjon mot livssituasjonen din.

På nettstaden vår, spk.no, kan du sjå andre kurs vi tilbyr. Ta kontakt med arbeidsgivaren eller fagforeininga di. Våre kurshaldarar kjem gjerne for å halde pensjonskurs!

Elles kan du jo følgje med på Pensjonsbloggen som kvar veke blir oppdatert med nye innlegg om pensjon. Kvifor ikkje få varsel på e-post kvar gong det kjem eit nytt innlegg?

Del dette:

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.