Det er mykje å setje seg inn i når du byrjar i ein ny lærarjobb, eller startar på nytt skuleår. Nye elevar, kollegaer, system og rutinar står gjerne øvst på lista. Eg har vore lærar og skuleleiar sjølv, og kjenner godt til alt som må på plass.
Likevel er det verde å bruke nokre minutt på å finne ut kva du har rett til i SPK. Medlemskapen er ein del av lønns- og arbeidsvilkåra dine. Det gir deg tryggleik gjennom heile arbeidslivet – ikkje berre den dagen du blir pensjonist.
Medlemskapen er ein del av lønnspakka di
Det er arbeidsgivaren din som melder deg inn i SPK. Du betaler to prosent av lønna medan arbeidsgivaren betaler inn størstedelen av kostnadene for medlemskapen.
Verdien av jobben du gjer ligg altså ikkje berre i lønna du får utbetalt kvar månad. Medlemskapen hos oss, og andre gode som arbeidsgivaren tilbyr, er ein del av ein samla pakke.
Du kan få økonomisk støtte om du blir sjuk
Kva skjer med inntekta di viss sjukdom eller skade gjer at du ikkje kan jobbe like mykje som før?
Da kan du ha rett til uførepensjon frå oss. Han skal dekkje noko av inntekta du mistar. Du kan få uførepensjon både når du har mellombelse helseutfordringar og når situasjonen er varig.
Uførepensjonen frå oss kjem i tillegg til eventuelle arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd frå Nav. Det gir deg betre økonomisk tryggleik i tilfelle du må jobbe mindre i ein periode på grunn av helsa.
- Her kan du lese meir om uførepensjon (spk.no)
Familien din kan ha rett til etterlatnepensjon
Medlemskapen i SPK kan også gi ekstra økonomisk tryggleik til familien din.
Ved dødsfall kan ektefellen din ha rett til ektefellepensjon. Barn kan ha rett til barnepensjon fram dei fyller 20 år.
Ektefellepensjonen er livsvarig og blir utbetalt månadleg. Pensjon til etterlatne skal dekkje noko av inntektstapet familien får når eit medlem i SPK døyr.
Sambuarar har ikkje rett til etterlatnepensjon frå oss.
Du kan søkje om bustadlån med gunstig rente
Du treng ikkje vente til pensjonsalderen for å ha nytte av medlemskapen.
Som medlem kan du søkje om bustadlån hos oss. På spk.no finn du informasjon om renta, kor mykje lån du kan søkje om og kva vilkår som gjeld.
Viktig: Lærarar har ikkje gruppeliv i SPK
Gruppelivsordninga kan gi familien ei eingongsutbetaling ved dødsfall medan du er yrkesaktiv. Gruppeliv er noko anna enn etterlatnepensjonen, som blir utbetalt kvar månad.
Lærarar har ikkje gruppelivsordning eller andre forsikringar i SPK, slik som dei fleste statstilsette. Snakk med arbeidsgivaren din om kva forsikringar dokker har der du jobbar.
Bruk fem minutt på å sjekke opplysningane dine
Arbeidsgivaren din sender opplysningar om arbeidsforholdet ditt til oss. Opplysningane bruker vi til å berekne pensjonar og andre rettar. Feil kan påverke rettane dine.
Derfor bør du logge inn på spk.no og sjekke kva vi har registrert på deg:
- arbeidsgivar og datoen du starta i jobben
- stillingsprosenten din
- pensjonsgivande inntekt
- tidlegare arbeidsforhold som gir medlemskap i ei offentleg pensjonsordning
Ser du noko feil ut, må du ta det opp med arbeidsgivaren din, sidan det er arbeidsgivar som rapporterer lønns- og stillingsopplysningane til oss.
- Logg inn og sjekk opplysningane dine (spk.no)
Og ja – du tener også opp alderspensjon og AFP
Medlemskapen gir deg sjølvsagt også alderspensjon og AFP. Pensjonen frå oss kjem i tillegg til pensjonen du tener opp i folketrygda hos Nav.
Du som er fødd i 1963 eller seinare, tener opp meir til alderspensjon jo lenger du jobbar, heilt fram til du fyller 75 år.
Du kan også ha rett til livsvarig AFP. For årskulla fødde i 1963 eller etter, er AFP eit livsvarig tillegg til alderspensjon dersom du oppfyller vilkåra.
Kor mykje du får i pensjon avheng mellom anna av kor lenge du jobbar, inntekta di og kor lenge du ventar med å ta ut pensjonen.
På spk.no kan du bruke pensjonskalkulatoren og sjå kva ulike val kan bety for deg i kroner og øre.
- Logg inn på pensjonskalkulatoren (spk.no)
Sjekk kva som følgjer med lærarjobben
Medlemskapen i SPK er kanskje ikkje det du tenkjer mest på i starten av skuleåret. Likevel kan medlemskapen ha noko å seie for familieøkonomien din – lenge før du skal ta ut alderspensjon eller livsvarig AFP.
Logg inn på spk.no og sjekk at opplysningane dine stemmer. Spør også arbeidsgivaren kva gruppelivs- og yrkesskadeforsikring du har.
Da får du betre oversikt over kva som faktisk følgjer med jobben din.

Legg igjen en kommentar