Pensjonsbloggen tek sommarferie

Sjølv om det er sommar (og venteleg godt vêr), kan det vere greitt å ha eit auge på hausten og halde seg oppdatert på pensjonsfaget. Foto: iStock

Pensjonsbloggen tek sommarferie til 15.8, og vi forlèt deg med ei kjapp oppsummering av kva som har skjedd så langt i denne spennande pensjonsvåren – og kor du kan finne meir informasjon du kan lese i sommar.

Det er to viktige hendingar som har prega våren: ny offentleg tenestepensjon og nye samordningsreglar. Ei av hendingane er ei av dei største endringane i den offentlege tenestepensjonen si historie – og ikkje minst SPK si hundreårige historie.

Ny offentleg tenestepensjon

Den tredje mars blei partane i arbeidslivet einige om ein ny offentleg tenestepensjon, og er ein avtale om vil bety store endringar for pensjonsoppteninga til rundt 800 000 tilsette i offentleg sektor. Avtalen partane blei einige om handlar om ny alderspensjon og nytt AFP.

Alle arbeidstakarorganisasjonane har stilt seg bak avtalen, og no skal den – venteleg i løpet av hausten – på høyring før den blir send til Stortinget.

Vi har mykje informasjon om ny offentleg tenestepensjon her på Pensjonsbloggen, og på spk.no:

Nye samordningsregler

Mange har sikkert fått med seg at nokre årskull ikkje har hatt moglegheita til å få utrekna alderspensjonen. Det var fordi vi mangla reglar som seier korleis ytinga vår skal samordnast med folketrygda.

På hausten i 2017 blei forslag til nye reglar for nytt samordningsregelverk sende på høyring. Det gjeld alle født 1954 eller etter. Nå i vår blei regelverket lagt fram og vedteke i Stortinget.
Same som for ny offentleg tenestepensjon, har vi mykje informasjon på spk.no og Pensjonsbloggen:

Kva er samordning? Videoen under gir deg ei kjapp innføring i kva det er, og kvifor det blei innført:

Pensjonshausten kjem

Pensjonsbloggen tek altså sommarferie, men kjem tilbake 15.8. Vi skal hjelpe deg gjennom pensjonsjungelen ved å fortsetje å gi deg gode og lettfattelege blogginnlegg om ny offentleg tenestepensjon og samordningsregelverket. Vi skal sjølvsagt også gi deg annan informasjon om pensjon som kan vere relevant.

God sommar og god lesing!

Del dette:

Kommunikasjonsrådgiver i Statens pensjonskasse. Synes det er veldig lenge til pensjonsalderen, men innser at det er greit å kunne litt mer om pensjon hver dag som går.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.