Pensjonsåret 2018 – kva har skjedd?

Ketsjup renner sakte ut av en ketsjupflaske
Pensjonsåret 2018 kan skildrast med eitt ord: ketsjupeffekten. Foto: iStock

Du veit kjensla. Du sit der med ketsjupflaska, og det kjem ingenting ut – og så plutseleg losnar det. Slik kan ein også skildre pensjonsåret 2018.

Ketsjupeffekt for pensjon

Etter at vi fekk pensjonsreform og ny folketrygd i 2011 har partane i arbeidslivet prøvt å einast om endringar i offentleg tenestepensjon. Mens tidlegare forsøk ikkje har gitt resultat, løsna det i 2018 – og vi har fått ein ketsjupeffekt for pensjon. I året som har gått er det ikkje berre offentleg tenestepensjon som har vore på dagsorden, men også særalderspensjon samt AFP og tenestepensjon i privat sektor.

Du som er fødd 1963 eller seinare får ny pensjonsordning

Allereie på slutten av fjoråret var vi håpefulle. Regjeringa og partane i arbeidslivet synest å vere einige om at det var på tide å gjere noko med offentleg tenestepensjon. Det var begynt å bli smerteleg klart at det ikkje var mogeleg for offentlege tilsett å kompensere for levealdersjustering på same måte som tilsett i privat sektor.

I starten av februar starta dermed forhandlingar om ny offentleg tenestepensjon. Partane gjekk inn i arbeidet med mål om å betre tilpasse dei offentlege tenestepensjonsordningane til pensjonsreforma for å auke fleksibiliteten for offentlege tilsette, og gjere det mogeleg å kompensere for levealdersjustering.

Regjeringa og partane i arbeidslivet blei samde om at det var på tide å gjere noko med tenestepensjonsordninga i offentleg sektor. Ordninga blir innført i 2020 for alle født 1963 eller seinare. Ny alderspensjon i offentleg sektor blir utforma som ei påslagsordning, det vil seie at pensjonen kjem i tillegg til alderspensjon frå folketrygda. Den skal ikkje samordnast som i dag.

Alle år i jobb fram til 75 år gir pensjonsopptening, og som i folketrygda sparer du opp i ei pensjonsbehaldning, du kan ta ut pensjon fleksibelt frå 62 år og fritt kombinere pensjon med arbeid. Avtalen skisserer også overgangsordningar frå gammal til ny ordning.

Avtalen blei behandla i organisasjonane, og det blei gjennomførd fleire uravrøystingar. I juni blei det klart at alle organisasjonane slutta seg til avtalen. I skrivande stund er eit lovforslag om ny alderspensjon og overgangsreglar frå gammal til ny ordning, sendt på høyring. Høyringsfristen er 9. januar 2019.

Høyringsnotatet inneheld ikkje lovforslag om ny AFP då det er uavklarte spørsmål rundt organisering av offentleg AFP, og forholdet til AFP i privat sektor som må avklarast. Det er ei utgreiing om AFP i privat sektor, og partane ventar nok på resultatet før dei set seg ved forhandlingsbordet. Høyringsnotatet omfattar heller ikkje lovforslag om særalderspensjon. Den skal behandlast i ein eigen prosess mellom partane.

Avklaringar for deg som er født 1958-1962

Det som blei landa og avklart i 2018 var offentleg tenestepensjon for dei som er fødde 1958-1962. Nærmare bestemt korleis tenestepensjonen skal samordnast med folketrygda for desse årskulla. I juni vedtok Stortinget nye samordningsreglar, og vi i Statens pensjonskasse arbeider no med å implementere desse reglane slik at vi kan berekne pensjon for desse årskulla.

Men la oss sjå litt utover offentleg tenestepensjon – for det skjer også mykje med privat tenestepensjon.

Mogeleg omlegging av AFP i privat sektor

AFP i privat sektor var tema i årets tariffoppgjør, og her blei partane samde om i fellesskap å utgreie ei mogeleg omlegging av dagens AFP-ordning. Utgreiinga skulle ein prøve å bli ferdig med i løpet av hausten 2018, for å kunne forhandle om ny AFP i 2019. Det er LO og NHO, saman med Arbeids- og sosialdepartementet og Finansdepartementet som jobbar med utgreiinga. Dette arbeidet har teke lenger tid enn forventa, og AFP-ordninga ser no ut til å bli eit tema fyrst i oppgjeret i 2020.

Pensjon frå fyrste krone

Våren 2018 fremja Sosialistisk venstreparti (SV) og Arbeiderpartiet (Ap) forslag om å innføre individuell pensjonskonto og pensjonsopptening frå fyrste krone. I dag er minstekravet at du må jobbe i minst 20 prosent stilling i minst 12 månader for å tene opp pensjon etter regelverket i OTP (obligatorisk tenestepensjon), og du får berre opptening av inntekt over 1 G (grunnbeløpet i folketrygda) som i dag er 96 883 kroner. Det er særleg arbeidstakarsida som har vore pådrivar for å endre desse reglane. Stortinget skal behandle forslag til endringar på nyåret 2019.

Som denne vesle oppsummeringa synar er pensjonssystemet i rørsle, og vi er på mange måtar på oppløpssida av pensjonsreforma. For alle oss som jobbar med dette – og for alle som er over snittet interessert i pensjon – har 2018 vore innhaldsrikt. Vi trur 2019 blir nok eit spennande år for pensjon.

No tek Pensjonsbloggen juleferie. Vi gleder oss til å kome tilbake i 2019!

Del dette:

2 thoughts on “Pensjonsåret 2018 – kva har skjedd?

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.