Ofte stilte spørsmål om livsvarig AFP

Kvinne med grått hår og briller i skinnjakke ser undrende ut, med hånda på hodet, foran en blå bakgrunn.
Fordi AFP er lagt om, vil det som gjeld for dei eldre kollegaene dine ikkje nødvendigvis gjeld for deg. Her er nokon av dei oftast stilte spørsmåla me får om livsvarig AFP.  Foto: iStock.

Er du fødd 1963 eller seinare? Då gjeld nye reglar for AFP deg. Her er nokre av dei vanlegaste spørsmåla me får om AFP.

NB! Dette blogginnlegget handlar om livsvarig AFP for deg som er fødd i 1963 eller seinare.

Blogginnlegget samanfatta

  • APF er ein del av den nye offentlege tenestepensjonen og varer livet ut – ikkje berre frå 62 til 67 år.
  • Du kan ta ut livsvarig AFP tidlegast frå månaden etter at du fyller 62 år.
  • Du må oppfylle visse krav for å få rett til AFP, mellom anna tilknyting til ordninga på bestemde tidspunkt.
  • Opptening skjer fram til og med året du fyller 61.
  • Du kan jobbe så mykje du vil ved sida av AFP – inntekta påverkar ikkje pensjonen.
  • Jo lenger du ventar med å ta ut AFP, jo høgare blir den årlege utbetalinga.
  • Livsvarig AFP kan takast ut åleine eller saman med alderspensjon frå folketrygda og SPK.
  • Om du ikkje oppfyller krava for AFP, kan du i staden ha rett til vilkårsbunden tenestepensjon.

Same namn, men heilt nye reglar

Tidlegare var avtalefesta pensjon (AFP) i offentleg sektor ein tidlegpensjon som vart utbetalt mellom 62 og 67 år til dei som slutta heilt eller delvis å jobba. Dette gjeld framleis for dei som er fødd i 1962 eller før.

AFP-ordninga er annleis for deg som er fødd i 1963 eller seinare. Den er ein del av den samla alderspensjonen din, og blir utbetalt livet ut. Derfor kallar me den «livsvarig AFP».

Fordi AFP er lagt om, vil det som gjeld for dei eldre kollegaene dine ikkje nødvendigvis gjeld for deg. Her er nokon av dei oftast stilte spørsmåla me får om livsvarig AFP. 

Er det nokon AFP-feller eg kan gå i?

Den største «fella» er å ikkje kjenna krava godt nok. I motsetning til ein vanleg alderspensjon må du oppfylla fleire vilkår for å få AFP utbetalt. 

Nokre av vilkåra gjeld når du fyller 62 år, andre på tidspunktet du faktisk tek ut livsvarig AFP. Oppmodinga er derfor å setja seg godt inn i alle vilkåra som du finn på spk.no/livsvarig-afp. Jo tidlegare du kjenner reglane, desto betre er du rusta når du skal planleggje pensjonen din.

Når lønner det seg å ta ut AFP?

Me får mange ulike spørsmål knytte til val og når det lønner seg å ta ut AFP. Det finst ikkje noko fasitsvar som gjeld for alle. Livssituasjon og behov vil påverka svaret i kvart enkelt tilfelle. Men me kan rydda nokre misforståingar av vegen.

Mister eg AFP om eg ikkje tek den ut ved 62 år?

Svaret er nei. Så lenge du oppfyller vilkåra for AFP kan du starte å ta ut livsvarig AFP når som helst etter du har fylt 62 år. Ventar du, vil du få utbetalt meir per månad den dagen du tek den ut. Les også: Ta ut AFP når du blir 62 – eller vente?  

Stoppar pensjonsoppteninga dersom eg tek ut AFP før 67 år?

Nei. Så lenge du jobbar vil du halda fram med å tene opp til alderspensjon – også etter at du har teke ut AFP.

Har du tenestepensjon i SPK vil alle år du jobbar fram til du fyller 75 år gi pensjonsopptening hos oss. Inntekt vil også gi opptening til alderspensjonen du får frå folketrygda (Nav).

Opptening til AFP er litt annleis. Alle år du har inntekt frå du fyller 13 til og med det kalenderåret du fyller 61 år gir opptening til AFP. Året du fyller 62 stoppar AFP-oppteninga sjølv om du jobbar vidare.

Ventar du med å ta ut AFP vil verdien likevel auke, både med lønnsveksten 1. mai kvart år og fordi delingstalet blir lågare. Når du ventar med å ta ut pensjonen, vil han utbetalast over færre år (her kjem delingstalet inn) – og den årlege summen du får utbetalt blir då høgare.

Korleis påverkar inntekt AFP-en min?

Den største forskjellen frå tidlegare er at du kan fritt kombinere lønn og pensjon – dette gjeld både alderspensjon og AFP. Eller sagt på ein annan måte; du kan ta ut AFP og alderspensjon, og halda fram med å jobba så mykje du vil utan at pensjonen blir redusert.

Tidlegare spelte det ei rolle om inntekta kom frå privat eller offentleg sektor, men det gjer det ikkje lenger.

Det kan vere lurt å sjekka korleis skattereglane slår ut når du har både arbeidsinntekt og pensjon samtidig. Les meir: Dette bør du vite om skatt før du tar ut pensjon

Kva skjer med AFP dersom eg blir langtidssjukmeld før eg fyller 62 år?

Blir du langtidssjukmeld kan du få uførepensjon frå oss varig eller i ein kortare periode. Det kan påverka retten til AFP.

Du kan ha delvis uførepensjon frå SPK og ta ut livsvarig AFP.

Eit vilkår for å få AFP er at du må vere i jobb heilt fram til dagen du tek ut pensjonen.  Blir du 100 prosent sjukmeld og ikkje jobbar, vil du dermed ikkje ha rett til livsvarig AFP. Du får heller ikkje AFP om du får uføretrygd frå Nav etter du fyller 62 år. 

Les meir om det å kombinere uførepensjon og AFP

Mister eg AFP-en frå privat næringsliv om eg byter jobb til staten, og omvendt? 

Hovudregelen er at du tek med deg AFP-rettane frå privat til offentleg sektor, men ikkje andre vegen.

Er du fødd 1963 – 1965 gjeld eigne reglar for å få medrekna AFP-tid mellom privat og offentleg sektor. Ta kontakt med oss om du har spørsmål om dette.

Vurderer du å byta jobb etter du har fylt 50 år, bør du alltid sjekka om det kan ha konsekvensar for retten til AFP. Då slepp du overraskingar seinare.

PS! Hvis du ikke kvalifiserer til AFP, verken i offentlig eller privat sektor, kan du ha rett på vilkårsbunden tenestepensjon

Bruk tid på å setja deg inn i livsvarig AFP

Reglene for livsvarig AFP er nye og annleis enn før. Bruk tid på å finne ut kva som gjeld for deg så du kan ta gode val for framtida di.

Publisert i AFP

13 thoughts on “Ofte stilte spørsmål om livsvarig AFP

  1. «Er du fødd 1963 – 1965 gjeld eigne reglar for å få medrekna AFP-tid mellom privat og offentleg sektor. Ta kontakt med oss om du har spørsmål om dette.»
    Kan dere si noe mer om hva det er? Ikke lett å vite hva man skal spørre om…

  2. Hei. Hva gjelder for en som er 50 prosent i jobb og 50 prosent ufør? Når går uførepensjonen automatisk over til pensjon? Er den mye lavere enn uførepensjonen? Hva skjer hvis en tar ut AFP fra 62?. Blir uførepensjonen da automatisk til pensjon?

  3. Hei, jeg har vært på pensjonskurs med Alexandra Plahte i regi av Forskerforbundet. Hun sa at en kan oppfylle vilkårene for AFP ved 62 år, og senere ikke oppfylle vilkårene. Det vil si at en kan miste AFT selvom en oppfylte vilkårene ved 62 år. Syns dere bør opplyse tydeligere om dette, og ikke bare framheve at AFP øker hvis en venter med å ta den ut! For min del kommer jeg til å ta ut AFT ved fylte 62 år, jeg tar ikke sjansen på å miste dette tillegget. Født i 1964.

      1. Det betyr at svaret også kan være JA på spørsmålet ovenfor: «Mistar eg AFP hvis eg ikkje tek den ut ved 62 år?»

  4. For oss med særaldersgrense gjelder jo ikke det som kommer frem i denne artikkelen, skriv gjerne en artikkel om særalder også.

  5. Det virker noe smått utrolig at om er en så uheldig å bli 100% sykemeldt, så mister en hele AFP´en som en kanskje har hatt krav på siden en startet i offentlig sektor i en alder av 22…? F.eks. Men iom man ikke MÅ starte å ta ut ved 62, betyr det at hvis en tilfeldigvis er 100% sykemeldt når man blir 62, så mister man den? Eller hvis man blir friskmeldt.i en alder av 62,5, så er det greit igjen? Veldig merkelig å miste en slik rettighet om man er så uheldig å bli syk.
    Det skal sies at jeg fra tidligere ikke har sansen for vilkårene ved denne nye AFP´en, av prinsipp. Den har blitt endret til en livsvarig utbetaling, men da bør du jammen meg forbli i offentlig sektor. Ellers får du null og niks. Selv om du jobbet i off. sektor fra du var 22 til kanskje….53.

      1. Hvordan har noen kommet på dette, det lurer jeg på…. Syke kan alle bli, og sjansen er større jo eldre man blir… selv om mange kan og ønsker å stå i jobb til de er 100, så blir det helt feil å straffe dem som er uheldig å bli syk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *