Slik vil pensjonsbehaldninga di vokse jamt og trutt

Pensjonsbehaldninga di hos oss vil bli regulert kvart år fram til du tek ut pensjon. Og du treng ikkje gjere noko som helst sjøl. Foto: iStock

Frå og med 2020 vil alle født i 1963 eller etter og som jobbar i offentleg sektor, få ei pensjonsbehaldning. Den vil bli regulert kvart år fram til du tek ut pensjon frå oss. Men korleis fungerer denne reguleringa?

Fredag 21. juni blei ny offentleg tenestepensjon vedteken av Kongen i statsråd og gjeld frå 2020. Alderspensjonen i SPK blir ei påslagsordning, som er betre tilpassa folketrygda og AFP i privat sektor. Den årlege oppteninga skal tilsvare 5,7 prosent av inntekt mellom 0 og 12 G, med eit tillegg på 18,1 prosent for inntekt mellom 7,1 G (i dag ca. 709 000 kroner) og 12 G (i dag ca. 1,2 million kroner). Alle detaljar er ennå ikkje på plass, men vi veit at alderspensjonen for dei som er fødd 1963 og seinare får ein annan profil enn kva du kanskje kjennar frå dagens alderspensjonsordning.

Trygg regulering som gir garantert «avkastning»

Den årlege oppteninga blir lagd inn i ei pensjonsbehaldning. Den oppsparde behaldninga er garantert ei årleg regulering i takt med den allmenne lønnsveksten i samfunnet (G-regulering). Det gir den aller tryggaste reguleringa.

For deg som har ein offentleg tenestepensjon er verdien av ei regulering av behaldninga eit viktig element i den nye offentlege tenestepensjonsordninga. Det gjer at samla pensjonsopptening blir eit produkt av den årlege oppteninga og den årlege reguleringa av behaldninga.

Vi sørger for at pensjonsbehaldninga di blir regulert kvart år fram til du bestemmer deg for å disponere den oppsparde behaldninga di.

Garantert regulering av pensjonsbehaldninga er eit viktig gode i motsetning til ei innskottsordning som dei aller fleste i privat sektor har. Der har du ikkje ei garantert regulering. I ei innskottsordning er du prisgitt dei investeringsvala du sjølv tek i form av fond og aksjar.

Du kan vere «heldig» å ha høg avkastning som dermed gir deg ein god pensjon. Men du kan også risikere at verdien på pensjonspengane dine blir redusert dersom avkastninga er låg. Alt blir styrt av marknaden.

Årleg innskott og reguleringa av behaldninga gjer at det for kvart år blir eit større og større pensjonsbehaldning som skal regulerast. Vi får det vi kallar «rentesrente-effekt». Det vil seie at tidlegare regulering, som er ein del av behaldninga, blir gjenstand for ytterlegare regulering.

Du treng ikkje gjere noko som helst

Pensjonsbehaldninga di vil vokse jamt og trutt. Du treng ikkje gjere nokon ting. Vi sørger for at pensjonsbehaldninga di blir regulert kvart år fram til du bestemmer deg for å disponere den oppsparde behaldninga di. Etter at du har bestemt deg for å ta ut pensjon vil behaldninga framleis bli regulert, men da vil reguleringa vere noko lågare.

Del dette:

Tidleg uttak av alderspensjon frå folketrygda og offentleg tenestepensjon

Tidleg uttak av alderspensjon frå folketrygda inneber at du tek eit val. Eit val om å ta pensjon på forskott, og eit val om å sjølv ta over ansvaret for å forvalte pengar du skal leve av når du blir pensjonist. Foto: iStock

Dette skjer med alderspensjonen din ved 67 år når du på førehand har teke ut alderspensjon frå folketrygda.

Mange har fått med seg at dei kan ta ut alderspensjon frå folketrygda frå 62 år. Samtidig veit mange offentleg tilsette med at dei skal ha 66 prosent av pensjonsgrunnlaget sitt i pensjon frå fylte 67 år, som er den vanlegaste pensjonsalderen i offentleg sektor.

For at du skal oppnå 66 prosent i alderspensjon ved 67 år treng du full tenestetid på 30 år, og du må tilhøyre dei årskulla som fekk vidareført garantien etter pensjonsreforma – det som heiter individuell garanti.

Tidleg uttak? Da må du vere klar over følgjande

For å forstå korleis tidleguttak av alderspensjon frå folketrygda påverkar livsvarig pensjon ved 67 år, bør du vere klar over følgjande:

Når pensjonen din ved 67 år er samordna består totalt utbetalt alderspensjon av tre element: Netto tenestepensjon frå SPK + alderspensjon frå folketrygda + garantitillegg frå SPK. Dette utgjer 66 prosent av ditt pensjonsgrunnlag forutsett full oppteningstid, og at du ikkje tek ut alderspensjon frå folketrygda før 67 år.

Totalpensjon ved 67 år vil ikkje utgjere 66 prosent av grunnlaget når du har teke ut alderspensjon frå folketrygda på førehand. Det betyr ikkje at pengar er borte. Pengane har du allereie, men du har valt å ta dei ut på forskott.

I samsvar med avtalen etter lønnsforhandlingane 2009, blir dette forklart på følgjande måte:

«Berekning av tenestepensjon – medrekna samordning med alderspensjon frå folketrygda – skal skje slik at tenestepensjonen ikkje blir påverka av når den nye fleksible alderspensjonen frå folketrygda blir teken ut»

Enkelt forklart inneber dette; det du får i pensjon frå SPK ved pensjonering ved 67 år er akkurat det same, uavhengig av om du har teke ut pensjonen din frå folketrygda på førehand eller ikkje. Du får altså verken meir eller mindre enn det du skulle hatt i begge tilfelle.

For eksempel:

Per, som er ein arbeidstakar i offentleg sektor, er fødd i 1958 og pensjonerer seg på 67-årsdagen. Han har dei siste 30 åra jobba i ei 100 prosent stilling. Sluttlønna til Per er 520 000 kroner.

  • Dersom han ikkje har teke ut alderspensjon frå folketrygda på førehand vil pensjonen tilsvare 66 prosent av pensjonsgrunnlaget og sluttlønna til Per, det vil seie 343 200 kr.
  • Dersom Per har teke ut 100 prosent alderspensjon frå folketrygda frå 62 år kombinert med arbeidsinntekt for så å pensjonere seg som 67-åring, utgjer livsvarig pensjon i dette tilfellet 292 575 kr.
Folketrygduttak frå 62 år, pensjonering ved 67 årFolketrygduttak og pensjonering ved 67 år
Netto tenestepensjon frå SPK etter samordning67 67367 673
Alderspensjon frå folketrygda203 769254 394
Garantitillegg21 13321 133
Samla total alderspensjon frå 67 år og resten av livet292 575343 200

Som du ser i tabellen består pensjonen til Per ved 67 år av: netto tenestepensjon og garantitillegg frå SPK + alderspensjon frå folketrygda. Sum nettopensjon og garantitillegg er identisk i begge tilfelle. Det einaste som utgjer ein forskjell er utbetalingane frå folketrygda.

Dess lenger du ventar, dess meir får du

Ved innføringa av tidleg uttak av alderspensjon frå folketrygda kom også levealdersjustering. Det inneber at dess lengre du ventar med å ta ut pensjon frå folketrygda, desto meir får du i årleg utbetaling.

Førestiller du deg pensjonen i folketrygda som ei kake blir det logisk. Du kan velje om du vil starte uttaket tidleg, og dermed dele «kaka» di i små kakestykke fordelte på lenger forventa levetid. Eller du kan vente så lenge som mogeleg med å ta ut pensjon frå folketrygda, og på den måten dele «kaka» i større kakestykke fordelte på kortare forventa levetid. «Kaka» di er i utgangspunktet like stor i begge tilfelle. Alt handlar om kor tidleg du har lyst til å begynne å ete av den.

Tidleg uttak er eit val du må gjere

Den offentlege tenestepensjonen blir verken lågare eller høgare basert på individuelle val om tidspunkt for å ta ut tidleg alderspensjon, for dei som pensjonerer seg ved 67 år. Totalsummen frå 67 år er likevel påverka. Tidleg uttak av alderspensjon frå folketrygda inneber at du tek eit val. Eit val om å ta pensjon på forskott, og eit val om å sjølv ta over ansvaret for å forvalte pengar du skal leve av når du blir pensjonist.

NB: Dette blogginnlegget blei først publisert på pensjonsblogg til NAV, deterdinpensjon.no.

Del dette:

Dine plikter som pensjons­mottakar i Statens pensjons­kasse – kva må du hugse på?

Er du, eller blir du alderspensjonist om nokre år? Har du uførepensjon eller AFP? Her får du vite kva slags pliktar du har som SPK-pensjonist. Foto: iStock

Som mottakar av pensjon frå Statens pensjonskasse, er det fleire ting du må vere klar over. Målet med dette blogginnlegget er å dekke dei tre mest vanlege scenarioa, og at det skal kunne fungere som ein enkel rettleiar for deg med offentleg tenestepensjon.

1. Inntekt dersom du mottek særalderspensjon, eller vanleg alderspensjon frå oss

Reglane for inntekt i kombinasjon med særalderspensjon og alderspensjon frå SPK er dei same. Det skiljast i denne samanhengen mellom inntekt frå privat sektor og inntekt frå offentleg sektor.

Privat sektor:

Reglane inneber at du kan jobbe og tene så mykje du vil i privat sektor, utan at pensjonen blir avkorta. Privat sektor betyr i denne samanhengen ein arbeidsgivar som er tilknytt ei privat tenestepensjonsordning, eller eiga privat verksemd. Du treng ikkje varsle SPK om denne typen inntekt.

Pensjonistlønn i offentleg sektor:

Alderspensjonistar kan inngå avtale med arbeidsgivar i offentleg sektor om arbeid etter somme vilkår på pensjonistlønn. Jobbar du for pensjonistlønn vil du som hovudregel ikkje få reduksjon i alderspensjonen din, uavhengig av kor mange timar du jobbar.

I Statens personalhandbok står det blant anna: Det er eit vilkår at slikt engasjement:

  • skal gjelde kortvarig (tilfeldig) arbeid
  • ikkje vere oppgåver av fast karakter og varigheit
  • skal ikkje vere ei vidareføring av tidlegare arbeidsforhold

Pensjonistlønn per 01.01.2019 er fastsett til 207 kroner per time.

Arbeid for pensjonistlønn kan ikkje kombinerast med AFP og uførepensjon.

Stilling i offentleg sektor:

Dersom du vel å begynne i ei stilling som medfører medlemskap i SPK, KLP eller anna offentleg pensjonsordning som blir omfatta av overføringsavtalen, må du varsle oss. Er du i tvil, ta kontakt!

Pensjonsutbetalinga di frå oss vil bli redusert etter inntekta fordi du på nytt er medlem i ei offentleg tenestepensjonsordning. I tilfeller der du vurderer dette, ta kontakt med SPK i forkant, slik at du med tryggleik veit kva det vil innebere for pensjonsnivået ditt.

Hugs at feriepengar, lønn for eventuelle verv (til dømes styreleiar i burettslag) tel som inntekt.

2. AFP og inntekt

Samtidig som du går av med heil eller delvis AFP, seier du frå kor mykje du forventar å tene etter overgangen. Det heiter «forventa inntekt». Den forventa inntekta blir samanlikna med faktisk inntekt når skattelikninga for same periode er klar.

Hugs derfor å varsle NAV (AFP-mottakarar mellom 62-65 år) eller oss (AFP-mottakarar frå 65 til 67 år) dersom du får inntekt som blir meir enn 15 000 kroner høgare enn forventa.

Dei 15 000 kronene er eit «slingringsmonn». Dersom den faktiske inntekta di overstig forventa inntekt med 15 000 kroner vil det medføre reduksjon i AFP.

All arbeidsinntekt vil påverke storleiken av din AFP, uavhengig av om inntekta kjem frå ein privat eller offentleg arbeidsgivar.

Mottakarar av delvis AFP må også hugse å varsle NAV eller oss dersom dei får ein lønnsauke over normal regulering. Hugs at feriepengar, lønn for eventuelle verv (til dømes styreleiar i burettslag) tel som inntekt.

3. Uførepensjon og inntekt

Du har moglegheit til å ha arbeidsinntekt i tillegg til 100 prosent uførepensjon. Du kan tene inntil 0,4 G (38 753 kr) utan at uførepensjonen frå oss blir redusert. Dersom du tener meir enn 0,4 G i løpet av eit år, skal uførepensjonen din reduserast ut frå kva du tente før du blei ufør.

Du må varsle oss og NAV dersom du får ei årleg inntekt som overstig 0,4 G ved sida av 100 prosent uførepensjon.

Dersom du er delvis ufør må du hugse å varsle dersom du får lønnsauke over normal regulering, og/eller dersom det skjer andre endringar på inntektssida.

Du er sjølv ansvarleg for å rapportere inn endringar i inntekt kombinert med uførepensjon. Du kan varsle om dette på Min side på spk.no.

Det er betre å ta kontakt ein gong for mykje, enn ein gong for lite.

Tilbakebetalingskrav

Etter loven kan og skal vi krevje for mykje utbetalt pensjon tilbake. Dette gjeld i tilfeller der du har motteke ei yting du ikkje har rett til. Eit eksempel kan vere at du bevisst har late vere å melde frå om endringar i inntekta eller arbeidsforholdet ditt.

Du kan også motta krav om tilbakebetaling dersom du, eller nokre på dine vegner, uaktsamt har gitt feilaktige eller mangelfulle opplysingar. Ein slepp ikkje å betale tilbake ulovleg utbetalt pensjon sjøl om du ikkje visste at du skulle seie frå.

Krav blir heller ikkje fråfalle sjøl om du trudde at nokon andre skulle varsle, for eksempel arbeidsgivar. Det er du sjølv som pliktar å varsle om endringar. Det er normalt sett ikkje tilstrekkeleg å informere berre NAV dersom det skjer endringar i inntekta eller arbeidsforholdet ditt.

Informasjon blir diverre ikkje overført automatisk mellom oss og NAV. Hugs derfor å melde frå til både oss og NAV. Eit godt tips er å ha ein god dialog med oss og NAV. Det er betre å ta kontakt ein gong for mykje, enn ein gong for lite.

Del dette:

Kvifor får eg framleis ikkje vite kva eg får i pensjon?

For litt over to år sidan snakka vi om elefanten i rommet. Den er der inne framleis … i alle fall halvveges. Foto: Pensjonsbloggen.

I mai 2017 la vi ut eit blogginnlegg som forklarte kvifor nokon av våre medlemer ikkje kunne få utrekna den framtidige alderspensjonen sin. Nå, to år etter, har vi framleis ikkje alle svar. Men vi nærmar oss …

Den enklaste historia (for deg som er født 1954-62)

I 2011 kom første del av ei pensjonsreform som vi framleis er midt inne i. Regelendringane som kom i 2011 omfatta folketrygda for alle årskull og offentleg tenestepensjon for årskulla til og med 1953 – pluss ei garantiordning for årskulla 1954-1962.

Bruk kalkulatoren vår

Er du fødd i 1962 eller tidlegare, kan du kanskje bruke pensjonskalkulatoren på spk.no for å berekne din eigen alderspensjon.

Den meir kompliserte historia (for deg som er født etter 1962)

Pensjonsreglar er ikkje som trafikkreglar. I trafikken kan ei gate vere einvegskjørd i dag, mens den blir opna for vanleg trafikk i morgon. Pensjon er noko du opparbeider deg gjennom eit langt liv, og derfor må reglane endrast gradvis.

Følgja er at dei garantiordningane som gjeld årskulla 1954-1962 ikkje er dei einaste overgangsordningane som vil komme. Når Stortinget fattar det endelege vedtaket sitt om framtidas offentlege tenestepensjon, snakkar vi i realiteten om fleire ulike regelverk som vil leve side om side i mange år.

For oss, og for alle andre pensjonsleverandørar, er det krevjande bygge alle desse reglane inn i datasystema våre, og det vil framleis ta tid før kalkulatoren på spk.no kan brukast av alle årskull.

Men vi jobbar kontinuerleg med å tilby så god informasjon som mogeleg. Og vi prøver så godt vi kan å forklare kva dei nye reglane etter all sannsyn kjem til å bety.

Er du fødd i 1963, eller seinare, er det framleis x-ar og y-ar i berekningsmodellane som ikkje er avklarte, men vi har lagt ut informasjon på spk.no som kan hjelpe deg eit stykke på veg.

Finn ut kva dei nye reglane inneber

Ny offentleg tenestepensjon på 1-2-3 gir deg hovudpunkta i det nye regelverket.

På spk.no kan du også sjå sånn omtrent kva dei nye reglane kjem til å bety for Henrik (1963), Anna (1973), Kaja (1983) og Mikkel (1993).

Faksimilie fra spk.no fra artikkelen "Omtrent slik blir alderspensjonen din"
På spk.no kan du se eksempler på hvordan alderspensjonen kan bli for årskullene født i 1963 og etter. Foto: spk.no
Del dette:

«Kva er eigentleg oppteningstid?»

«Kva er eigentleg oppteningstid?»
Det er eit omgrep dei flest har høyrt om, men kva betyr det for deg? Foto: iStock.

Vi fekk eit spørsmål her for litt sidan om kva oppteningstid er og kva den betyr for alderspensjonen. Det er eit omgrep som blir brukt mykje og treng å bli utdjupa.

Spørsmålet kom inn som eit svar på Pensjonsbloggen sitt nyheitsbrev. I blogginnlegget som vi sende ut til alle abonnentane våre, snakka vi om forskjellen mellom dagens ordning og den nye offentlege tenestepensjonen. I eit avsnitt skreiv vi om kva som vil skje med oppteningstid.

Vi tek ein kjapp gjennomgang av kva oppteningstid er og kva det blir brukt til:

Oppteningstida fortel kor lenge du har vore medlem

Den tida du har vore medlem i ei offentleg tenestepensjonsordning er det som blir kalla oppteningstid. Er du tilsett i staten eller jobbar som lærer, vil arbeidsgivaren din melde deg inn hos oss og sende inn rapportar som vi treng for å kunne utrekne alderspensjonen når du skal gå av. Full oppteningstid er 30 år.

Kor lenge kan du vere medlem? Det som kan påverke medlemskapet er aldersgrensene i staten. Full oppteningstid er ikkje ei øvre grense for medlemskapet.

Du kan få oppteningstid sjølv om du er i permisjon

I visse tilfelle kan du få oppteningstid sjølv om du er nøydd til å gå ut i permisjon. Det kan vere at du må pleie sjuke familiemedlemmer, som foreldre eller barn. Så lenge permisjonen går under permisjonsavtalen vil du få opptening som om du var i arbeid.

Du får oppteningstid sjølv om du har uførepensjon

Har du uførepensjon frå oss får du medrekna oppteningstida du kunne fått dersom du hadde vore frisk og kunne stått i stillinga di fram til du når aldersgrensa som gjeld for deg. Kunne du for eksempel oppnått 30 år ved å fortsette i stillinga til du blei 67, vil du få full oppteningstid.

Oppteningstida følger deg om du skiftar jobb i offentleg sektor

I det offentlege er du omfatta av overføringsavtalen. Det gjer at dersom du har jobba i fem år i ein kommune og så skiftar du jobb til fylkeskommune der du jobbar i tre år, før du får deg jobb i staten, følger oppteningstida deg.

Dei åtte åra du hadde før du skifta jobb ligg der frå før og du vil fortsette å bygge den opp så lenge du er medlem i ei offentleg tenestepensjonsordning. Sluttar du helt i det offentlege og begynner i privat sektor, vil oppteningstida ligge der helt til du skal gå av med pensjon.

Kva har oppteningstida å seie for pensjonen?

Oppteningstida blir brukt som ein del av pensjonsberekninga den dagen du blir alderspensjonist. Oppteningstida er ein av tre faktorar vi bruker, og som er 1) oppteningstid, 2) stillingsstorleik og 3) pensjonsgrunnlaget (lønna du hadde da du slutta).

Oppteningstida blir sett opp mot det som i dagens ordning er full oppteningstid. Pensjonen blir redusert om du har lågare oppteningstid enn 30 år. Det vil seie at har du jobba i 20 år i ei stilling med medlemskap i Statens pensjonskasse, vil oppteningstida vere 20/30-delar.

For somme vil omgrep oppteningstid «forsvinne»

Som du sikkert har fått med deg er det store endringar på gong innan offentleg tenestepensjon. Det fører til at for somme årskull så vil omgrepet «oppteningstid» slutte å gjelde. I alle fall fram til du ein dag skal pensjonere deg.

Alle som er født i 1963 og seinare skal frå 2020 over på ei ny løysing der oppteningstid ikkje lenger blir ein så viktig del av utrekninga av pensjon. Da er det ikkje lenger ytingspensjon som gjeld, men påslagspensjon.

Oppteningstida vil delvis gjelde for deg som har vore medlem i ei offentleg tenestepensjonsordning før 2020. Da vil få utrekna ein samla pensjon etter dei gamle og dei nye reglane. For dei gamle reglane vil oppteningstida påverke kor stor pensjonen din blir.

NB: Det er viktig å hugse at reglane for ny offentlege tenestepensjon ikkje er vedtekne.

Del dette: