Kvifor kan vi så lite om pensjon?

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.

«Pensjon er ikkje interessant, det er keisamt og gjeld ikkje meg før om mange år.» Det finst mange gode grunnar til at folk ikkje bryr seg om pensjonen sin. Vi tok oss ein tur ut på gata for å høyre kva folk tenkjer om pensjon.

Gode kunnskapar om lønn

Dei aller fleste av oss har gode kunnskapar om kva lønn vi har krav på, og kva vi får. Vi veit kva vi tener i kroner og øre i året, og vi planlegg økonomien vår basert på den. Slik gjer dei aller fleste av oss det utan store problem.

Det kan ikkje det same seiast om den lønna vi skal leve av etter at vi har slutta å jobbe: alderspensjonen.

Kvifor er pensjonskunnskapane så lave?

Kvifor er det slik? Stemmer det at vi kan så lite om pensjon? Kva skal til for at du vil lære meir om pensjon? Vi tok oss tur ut på gata for å spørje tilfeldige folk om kvifor medvitet om pensjon er så låg.

Her er spørsmåla vi stilte:

  • Kjenner du at du kan nok om pensjon?
  • Kvifor trur du folk ikkje tenkjer på pensjon før dei absolutta må?
  • Kva trur du skal til for at folk på alderen din skal tenkje meir på pensjon?
  • Kva synest du vi som informerer om pensjon skal gjere for at folk flest skal interessere seg meir?

Kva tenkjer du?