Etteroppgjer og AFP – har du fått rett pensjon?

Baksmell eller pengar til gode? Foto: iStock

Det er tid for etteroppgjer for pensjonistar med avtalefesta pensjon (AFP) frå oss. Har du fått riktig pensjon; får du baksmell eller pengar tilbake? Etteroppgjer for 2019 begynner 1. september.

Kva er etteroppgjer?

På same måte som Skatteetaten gjennomfører skatteoppgjeret sitt, gjennomfører vi i Statens pensjonskasse eit etteroppgjer for AFP. Har du fått for liten pensjon utbetalt, etterbetaler vi pensjon. Og har du da fått meir pensjon utbetalte enn du skulle – på grunn av høgare inntekt enn forventa – så får du «baksmell» (akkurat som i skatteoppgjeret).

Etteroppgjeret kan samanliknast med eit skatteoppgjer. Kvart år når fastsettinga (det som tidlegare heitte skattelikninga) er klar, gjennomgår vi pensjonen din.

Vi samanliknar arbeidsinntekta som du melde inn da du søkte AFP og kvar gong du har fått inntektsendringar, opp mot den reelle inntekta du har hatt slik det går fram av Skatteetatens fastsetting for inntektsåret ditt.

Dersom avviket mellom forventa og reell inntekt er større enn toleransebeløpet på 15 000 kroner, bereknar vi ein ny pensjonsgrad. Da får du enten tilbakebetalt pensjon frå oss, eller må tilbakebetale for mykje utbetalt pensjon. Akkurat som i skatteoppgjeret.

Toleransebeløp, ikkje eit fribeløp

Legg merke til at eg skriv toleransebeløp. Det betyr at avvik under 15 000 kroner blir tolererte i den forstanden at det ikkje medfør omrekningar.

Toleransebeløpet er absolutt. Det betyr at dersom du har tent 15 001 krone meir enn det du har meldt som forvend inntekt for året, skal AFP-ein din reknast om. Det kan synast strengt, men her er reglane klare.

Du får færre brev frå oss om etteroppgjeret

Frå og med i fjor fekk vi detaljerte skatteopplysingar frå Skatteetaten. Derfor vil du ikkje motta brev frå oss dersom berekninga viser at det ikkje vil bli nokon endring i pensjonen din. Det gjer alt enklare for deg – og for oss.

Dei fleste unngår derfor å måtte ettersende dokumentasjon til oss. I einskilde tilfelle vil du likevel måtte sende oss dokumentasjon. Dette kan spesielt gjelde for personar med næringsinntekt.

Slik kan du sikre at du får riktig utbetaling i 2021

Sjølv om vi nå mottek meir detaljerte opplysingar frå Skatteetaten, får vi den ikkje «live». Derfor er det viktig at du melder frå så snart du oppdagar at du tener meir eller mindre enn det du tidlegare har meldt frå til oss om di forventa inntekt. Da justerer vi pensjonsgraden og sikrar at framtidige pensjonsutbetalingar blir riktige.

Sjølv om vi mottek opplysingar frå Skatteetaten, er det nokre typar inntekter vi må ha meir informasjon om. Desse inntektene får vi ikkje detaljerte opplysingar om, og er derfor avhengige av at du tenker nøye gjennom om du har fått:

  • Etterbetaling av lønn. Berre inntekt som er tent opp mens du har AFP kan påverke ditt AFP hos oss. Har du fått etterbetaling av lønn frå før du starta på AFP, må du sende oss informasjon om det.
  • Næringsinntekt. Berre inntekt som er tent opp samstundes med AFP, skal vere med i etteroppgjeret. Vi får ikkje opplysingar frå Skatteetaten som viser når næringsinntekta blei tent opp. Send oss informasjon om inntekta dersom den er tent opp før du fekk AFP.
  • Erstatningsoppgjer. Har du fått yrkesskadeerstatning, pasientskadeerstatning eller skadeerstatning, skal ikkje desse påverke etteroppgjeret ditt hos oss. Du må sende oss informasjon om kva type erstatning du har fått.
  • Endring av skatteoppgjeret ditt. I etteroppgjeret vurderer vi om du fekk korrekt AFP ut frå inntekta som framgår av skatteoppgjeret ditt. Dersom Skatteetaten gjer om inntekta di fordi du har klaga på skatteoppgjeret ditt, eller har endra skattemeldinga etter at leveringsfristen for skattemeldinga er passert, må du sende oss det nye skatteoppgjeret.

Korleis melder du inntekt?

Er du mellom 62 og 65 år skal du melde frå om inntektsendring til NAV. Meir informasjon finn du på nav.no.

Er du 65 år eller eldre, melder du frå til oss i SPK Det gjer du lett ved å logge deg inn på vårt sikre og krypterte kontaktskjema, kor du kan sende oss informasjonen vi treng med fullt namn og fødselsdato, ny årslønn og frå kva dato årslønna blei endra.

Vi har laga ei hendig sjekkliste på spk.no for deg som har fått etteroppgjer.

NB: Det viktig å merke seg at det ikkje held å berre melde frå til NAV eller via Altinn. Våre system er forskjellige, og snakkar dessverre ikkje godt nok saman.

Del dette:

Legg inn en kommentar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.