Etteroppgjer for uførepensjonistar – dette må du hugse på

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Etteroppgjer for uførepensjonistar dette må du hugse på
Du kan prøve deg i arbeidslivet – dersom du er klar for det. Tommelfingerregelen er å melde frå i tide til oss. Foto: iStockphoto

Utbetalinga av uførepensjon skal justerast etter kor mykje du tener ved sidan av – og derfor er det viktig at du hugsar å fortelje oss kor mykje du forventar å tene.

For på same måte som Skatteetaten gjennomfører skatteoppgjeret sitt, gjennomfører vi i Statens pensjonskasse eit etteroppgjer for uførepensjon. Etteroppgjeret skjer på hausten etter at skatteoppgjeret er klart.

Det årlege «pensjonsoppgjeret»

Har du fått for liten pensjon utbetalt, etterbetaler vi pensjon. Og har du da fått meir pensjon utbetalte enn du skulle – på grunn av høgare inntekt enn forventa – så får du «baksmell» (akkurat som i skatteoppgjeret).

Kva gjer du for å unngå baksmell?

Er du ufør kan det vere vanskeleg å føresjå framover kor mykje du kjem til å jobbe. Det forstår vi. Da er det desto viktigare å halde oss oppdatert på kva du trur du kjem til å tene, slik at vi kontinuerleg kan justere pensjonsutbetalinga di.

Tommelfingerregel: meld frå til oss i tide. Da unngår du overraskingar i etteroppgjeret!

Men kva er inntekt?

Vi får ofte spørsmål frå folk som lurer på kva inntekt eigentleg er. Dette er ein av dei omgrepa alle veit kva er, men likevel slit med å definere. Det som kan påverke uførepensjonen, er pensjonsgivande inntekt. Den er definert av folketrygdloven § 3-15, og inkluderer blant anna:

  • arbeidsinntekt frå privat og offentleg verksemd
  • styrehonorar
  • honorar for ulike tillitsverv
  • feriepengar frå arbeid du har utført etter at du tok ut heil eller delvis uførepensjon første gong

Somme lurer på om uførepensjonen skal meldast som inntekt. Nei, det skal den ikkje. Du skal heller ikkje ta med andre pensjonar du får, som for eksempel uførepensjon du mottek frå andre pensjonskassar, eller arbeidsavklaringspengar frå NAV. På spk.no kan du lese om kva inntekter som både påverkar og ikkje påverkar uførepensjonen din, og vi har også ei eiga sjekkliste du kan bruke.

Du kan når som helst – og så ofte du treng – registrere inntekt ved å logge inn på Min side. Tenk etter kor mykje du jobbar, kor mykje du kjem til å jobbe – og kor mykje du kjem til å tene. Er det meir eller mindre enn du trudde?

Tommelfingerregelen er å melde frå ny eller endra inntekt til oss i tide så du unngår unødvendige overraskingar i etteroppgjeret! 

Kva er inntektsgrensa di?

Da uførepensjonen frå oss blei innvilga, blei det sett ei inntektsgrense. Dette er det årlege beløpet du kan tene før uførepensjonen blir redusert.

Inntektsgrensa er individuell, og du finn inntektsgrensa di på Min side. Dersom inntekta utgjer meir enn 80 prosent av den samla inntekta du hadde før du blei ufør, skal uførepensjonen frå oss stoppast.