Slik vil pensjonsbehaldninga di vokse jamt og trutt

Pensjonsbehaldninga di hos oss vil bli regulert kvart år fram til du tek ut pensjon. Og du treng ikkje gjere noko som helst sjøl. Foto: iStock

Frå og med 2020 vil alle født i 1963 eller etter og som jobbar i offentleg sektor, få ei pensjonsbehaldning. Den vil bli regulert kvart år fram til du tek ut pensjon frå oss. Men korleis fungerer denne reguleringa?

Fredag 21. juni blei ny offentleg tenestepensjon vedteken av Kongen i statsråd og gjeld frå 2020. Alderspensjonen i SPK blir ei påslagsordning, som er betre tilpassa folketrygda og AFP i privat sektor. Den årlege oppteninga skal tilsvare 5,7 prosent av inntekt mellom 0 og 12 G, med eit tillegg på 18,1 prosent for inntekt mellom 7,1 G (i dag ca. 709 000 kroner) og 12 G (i dag ca. 1,2 million kroner). Alle detaljar er ennå ikkje på plass, men vi veit at alderspensjonen for dei som er fødd 1963 og seinare får ein annan profil enn kva du kanskje kjennar frå dagens alderspensjonsordning.

Trygg regulering som gir garantert «avkastning»

Den årlege oppteninga blir lagd inn i ei pensjonsbehaldning. Den oppsparde behaldninga er garantert ei årleg regulering i takt med den allmenne lønnsveksten i samfunnet (G-regulering). Det gir den aller tryggaste reguleringa.

For deg som har ein offentleg tenestepensjon er verdien av ei regulering av behaldninga eit viktig element i den nye offentlege tenestepensjonsordninga. Det gjer at samla pensjonsopptening blir eit produkt av den årlege oppteninga og den årlege reguleringa av behaldninga.

Vi sørger for at pensjonsbehaldninga di blir regulert kvart år fram til du bestemmer deg for å disponere den oppsparde behaldninga di.

Garantert regulering av pensjonsbehaldninga er eit viktig gode i motsetning til ei innskottsordning som dei aller fleste i privat sektor har. Der har du ikkje ei garantert regulering. I ei innskottsordning er du prisgitt dei investeringsvala du sjølv tek i form av fond og aksjar.

Du kan vere «heldig» å ha høg avkastning som dermed gir deg ein god pensjon. Men du kan også risikere at verdien på pensjonspengane dine blir redusert dersom avkastninga er låg. Alt blir styrt av marknaden.

Årleg innskott og reguleringa av behaldninga gjer at det for kvart år blir eit større og større pensjonsbehaldning som skal regulerast. Vi får det vi kallar «rentesrente-effekt». Det vil seie at tidlegare regulering, som er ein del av behaldninga, blir gjenstand for ytterlegare regulering.

Du treng ikkje gjere noko som helst

Pensjonsbehaldninga di vil vokse jamt og trutt. Du treng ikkje gjere nokon ting. Vi sørger for at pensjonsbehaldninga di blir regulert kvart år fram til du bestemmer deg for å disponere den oppsparde behaldninga di. Etter at du har bestemt deg for å ta ut pensjon vil behaldninga framleis bli regulert, men da vil reguleringa vere noko lågare.

Del dette: