Mange innspel til nye samordningsreglar

Neste stopp: Stortinget. Foto: Wikimedia Commons/Dmitry Valberg

Som vi har skrive om tidlegare her på Pensjonsbloggen, har det kome forslag til nye samordningsreglar. Høyringssvarfristen gjekk ut like før jul. Kva er status? Kva skjer vidare?

I slutten av september la Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) fram forslag til nye reglar for samordning av offentleg tenestepensjon med alderspensjon frå folketrygda for personar som er fødd i 1954 og seinare.

20. desember var høyringsfrist for forslag til nye samordningsreglar for offentleg tenestepensjon. Det handlar om tenestepensjonen til alle som er fødde i 1954 eller seinare. Mange har sendt inn svar. Alt frå privatpersonar til større aktørar som KLP og vi i Statens pensjonskasse.

Vegen vidare

Alle høyringssvara blir no vurdert av ASD. Neste steg er at regjeringa fremjar eit lovforslag for Stortinget, der det blir behandla både i fagkomitéen og i plenum.

Kor lang tid denne prosessen vil ta er vanskeleg å seie. Det er for tidleg for oss å seie kva dei nye reglane kan seie for den einskilde.

2018 blir eit spennande år for offentleg tenestepensjon!

Samordningsregelverket er ein liten del av det store biletet. Regjeringa og partane har starta arbeidet med ny offentleg tenestepensjon. Mykje tyder på at vi i løpet året får mange nye avklaringar.

Del dette:

Kommunikasjonsrådgiver i Statens pensjonskasse og Pensjonbloggens redaktør. Han synes det er veldig lenge til pensjonsalderen, men innser at det er greit å kunne litt mer om pensjon hver dag som går.