Samordningsregelverk for deg som er født i 1954-1962

Eksempel på fordelinga av nye og gamle reglar for ulike årskull. Illustrasjon: SPK

Det ligg eit lovforslag til nye samordningsreglar for dei som er født mellom 1954 og 1962 til behandling i Stortinget. Alle desse årskulla får overgangsreglar, og dei kan du lese meir om på spk.no.

Det er få tema innan pensjon som engasjerer like mykje som samordning mellom folketrygd og tenestepensjon. Det merkar vi godt på Pensjonsbloggen, i dei sosiale kanalane våre og i media generelt. Du har sikkert sett avisartiklar – for eksempel om folk som har jobba etter at dei vart 67, utan å vere klar over at dette hadde tyding for storleiken på pensjonen – på grunn av samordningsreglane.

Fram til no har dei som er født i 1954 og etter mangla regelverk for korleis folketrygda og den offentlege tenestepensjonen skulle samordnast. Like før jul i fjor blei eit forslag til nye samordningsreglar sendt på høyring, og i vår har dei nye reglane blitt formulerte i ein lovproposisjon.

For å sikre at overgangen mellom nytt og gammalt regelverk skal bli mest mogeleg rettferdig, har regjeringa foreslått at det skal vere overgangsreglar. Desse reglane skal gjelde for årskulla 1954 til 1962. På spk.no har vi laga ei oversikt som viser deg korleis den gradvise innføringa av samordningsreglane blir – alt basert på kva årskull du er født.

Er du eksempelvis fødd i 1954, får du 90 prosent gamle samordningsregelverk og 10 prosent nytt. Er du fødd i 1962, får du 10 prosent gamle samordningsregelverk og 90 prosent nytt. Du som er fødd i 1963 eller etter får 100 prosent nytt.

Korleis slår det ut for deg?

Det kan du lese på spk.no.


Del dette: