Dette må du tenke på om du skal skifte jobb til privat sektor

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
Silhuett av mann som hopper over et stort juv. Foto.
Veit du meir om kva offentleg tenestepensjon frå oss inneber, kan du enklare samanlikne tilbodet frå private arbeidsgivarar. Foto: iStock.

Medlemskapen hos oss handlar ikkje berre om alderspensjon – det er meir enn det. Derfor er det viktig at du ser på vilkåra i tenestepensjonen når du søker ny jobb.

Den korte versjonen

  • Årslønn er ikkje alt. Medlemskapen hos oss er ein pakke som omfattar alderspensjon, AFP, uførepensjon og attlevandepensjon. Er du statstilsett, får du i tillegg yrkesskadeforsikring og gruppelivsordning.
  • Sparing til alderspensjon og AFP er prosentar av lønna di. Tener du opp mot 7,1 G får du 5,7 prosent av lønn i pensjonssparing kvar månad. Og av det du tener frå 7,1 G til 12 G, får du 23,8 prosent av lønn i pensjonssparing kvar månad. I tillegg får du 4,21 prosent i sparing til AFP for all lønn opp til 7,1 G. Går du til ein jobb utan AFP-ordning, mister du retten til AFP.
  • Du er økonomisk sikra gjennom retten til uførepensjon om du blir så sjuk at du ikkje kan jobbe like mykje som før. Dine attlevande er økonomisk sikra gjennom attlevandepensjon i form av månadlege utbetalingar til ektefelle og barn under 20 år.
  • Statstilsette har yrkesskadeerstatning dersom dei skader seg på jobb, i arbeidstida, og ei gruppelivsordning som sikrar at ektefelle eller sambuar får utbetalt 1,5 millionar kroner dersom du skulle døy mens du er i jobb.
  • Tenestepensjon i privat sektor er derimot ikkje ein fast pakke. Det er opp til kvar enkelt arbeidsgivar å tilby ekstragode utanom sparing til alderspensjon. Du må samanlikne med det du har gjennom medlemskapen hos oss, og finne ut om du kva du må gjere på eiga hand for å sikre deg og dine for framtida.

Den lange versjonen

Tenestepensjonen du får som medlem hos oss er ein ferdig pakke som gir deg følgjande medlemsgode:

  • Alderspensjon – livsvarig
  • Avtalefesta pensjon (AFP) – livsvarig
  • Uførepensjon – til du fyller 67 år
  • Attlevandepensjon – livsvarig (forutan barnepensjon)
  • Yrkesskadeerstatning (om du er omfatta av Hovudtariffavtalen i staten)
  • Gruppelivsordning (om du er omfatta av Hovudtariffavtalen i staten)

For heile pakka betaler du berre to prosent av lønna di. Arbeidsgivaren din dekker størsteparten av kostnadene. Under går vi nærmare inn på kva medlemskapen hos oss inneber slik at du lett kan samanlikne med lønnstilbod du får i privat sektor.

Livsvarig alderspensjon og AFP

Som arbeidstakar i det offentlege, har du god sparing til alderspensjon og AFP. Arbeidsgivaren din setter av kvar månad av ein prosentdel av lønna di til pensjon. Delen er

  • 5,7 prosent til alderspensjon av pensjonsgivande inntekt opp til 791 486 kroner (7,1 G).
  • 23,8 prosent til alderspensjon av pensjonsgivande inntekt over 791 486 kroner til 1,3 millionar kroner (12 G). Du får ikkje pensjonssparing for lønn over 12 G.
  • I tillegg setter arbeidsgivaren din av 4,21 prosent til AFP for all lønn opp til og med 7,1 G.

Går du til ein jobb i privat sektor utan AFP-ordning, mister du retten til å ta ut AFP. Du beheld det du har spart opp til alderspensjon, og du ta han ut når du blir pensjonist.

Merk: Alt over gjeld dei som er fødde i 1963 eller etter. Er du fødd i 1962 eller før, er du på eit anna regelverk for alderspensjon og AFP. Trykk på lekkjene for å sjå kva som gjeld for desse årskulla.

Uførepensjon

Uførepensjonen frå oss skal dekke noko av inntektstapet om du ikkje kan jobbe like mykje som før på grunn av sjukdom eller skade. Uførepensjonen blir utrekna individuelt.

  • Er du 50 prosent ufør eller meir, kjem uførepensjonen frå oss som eit tillegg til uføretrygd frå folketrygda.
  • Er du frå 20 til 50 prosent ufør får du uførepensjon frå oss sjølv om du ikkje får uføretrygd frå folketrygda.

Du kan motta uførepensjon fram til du når aldersgrensa for stillinga du har, som for dei aller fleste er 67 år. Da blir han «omgjord» til alderspensjon. Alderspensjonen blir utrekna som om du jobba fullt fram til du blei 67 år.

Attlevandepensjon

Attlevandepensjon er eit samleomgrep for ytingane ektefellepensjon og barnepensjon. Det er ei økonomisk støtte til dine attlevande om du skulle døy frå dei, og det betyr ingenting om du er i arbeid eller om du er pensjonist når du går bort.

  • For dei aller fleste er attlevandepensjonen 9 prosent av pensjonsgrunnlaget til avdøde. Pensjonen er livsvarig.
  • Barnepensjonen er 15 prosent av pensjonsgrunnlaget. Pensjonen gjeld fram til barnet er 20 år.

Yrkesskadeerstatning og gruppelivsordning

Yrkesskade

Skader du deg mens du er på jobb og du taper inntekt som følgje av skaden, kan du ha rett til ei yrkesskadeerstatning frå oss. Erstatninga utreknast individuelt basert på inntektstapet du har.

Yrkesskadeforsikringa gjeld så lenge du er statstilsett, eller omfatta av Hovudtariffavtalen i Staten. Yrkesskade er ei lovpålagd dekning alle arbeidsgivarar i Noreg skal ha for sine tilsette. Er du lærar, har du yrkesskadedekninga din ein annan stad enn hos oss.

Gruppelivsordning

Dersom du døyr mens du er i aktivt arbeid, kan dine attlevande ha rett til ei eingongsutbetaling frå oss:

  • Sambuarar og ektefellar får utbetalt 1 560 678 kroner (14 G).
  • Barn under 25 år får 557 385 kroner (5 G). Var du eineforsørgjar, får kvart barn under 25 år utbetalte 780 339 kroner (7 G).

Utbetalingane skjer automatisk og innan kort tid etter at dødsfallet er registrert. Gruppelivsordninga gjeld heile døgnet, uansett dødsårsak og uansett kvar i verda du oppheldt deg.

Gruppelivsordning er ikkje lovpålagd for alle arbeidsgivarar ha for sine tilsette. Du må derfor sjekke om den nye arbeidsgivaren din tilbyr det.

Årslønn er ikkje alt

Nå som du veit meir om kva offentleg tenestepensjon frå oss inneber, kan du enklare samanlikne tilbodet frå private arbeidsgivarar.

Det er ikkje berre det du får utbetalt i lønn du må vurdere i eit jobbtilbod. I tillegg til lønna bør du finne svaret på desse fem spørsmåla:

  1. Kva slags alderspensjonsordning tilbyr arbeidsgivaren, og er han livsvarig eller tidsavgrensa?
  2. Om tilbodet omfattar innskottspensjon og kor stor prosentdel av lønna arbeidsgivar setter av i pensjon for deg?
  3. Har bedrifta AFP-ordning, eller mister du retten om du skiftar jobb?
  4. Må du kjøpe uføreforsikring sjølv, eller får du det gjennom arbeidsgivaren din?
  5. Kva slags økonomisk sikring har dei attlevande dersom du døyr frå dei?

Folketrygda er berebjelken i det norske pensjonssystemet

I tillegg til både offentleg og privat tenestepensjon, kjem pensjonen som staten setter av for deg i folketrygda. Staten setter av 18,1 prosent av den pensjonsgivande inntekta di opp til 7,1 G. Du finn ut av kor mykje staten har sett av for deg til pensjon om du loggar deg inn på nav.no.