3, 30 og 40 – tre tal som sikrar gevinst

Verdt å vite før du leser. Blogginnlegget er skrevet for en stund siden. Det kan ha skjedd endringer i pensjonsregelverket som ikke omtales her.
3 30 og 40 tre tal som sikrar gevinst
Uansett kor i livet du er – når det kjem til pensjon er det ikkje så dumt å ta eit lite tilbakeblikk og sjekke sparebøssa. Illustrasjon: SPK

Livet består av mange milestolpar – og cirka halvegs i livet ser eg like mykje bakover som framover. Når det kjem til pensjon har eg lært at det er viktig å sjekke fortida – for å kunne ta riktige val for framtida.

Dette innlegget skal handle om tala 3, 30 og 40. Og nei, det er ikkje mine tips til vekas Viking-lotto, men derimot tre sentrale tal knytt til oppteningstid i Statens pensjonskasse (SPK). Saman med løn, om du har arbeidd heiltid eller deltid og årstalet du er fødd, påverkar oppteningstida kva du får i pensjon frå SPK.

Kort fortalt er oppteningstid den tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse, og har betalt medlemsinnskot – to prosent av løna di.

Her har du tala, eitt for eitt

3 år: Du har rett til alderspensjon

Du kan sjå for deg oppteningstid som ei sparebøsse. Men i staden for kroner, fyller du på med dagar, månadar og år. Du starter å fylle på sparebøssa første arbeidsdag hos ein arbeidsgjevar med pensjonsordning i SPK.

Allereie frå første arbeidsdag kan du ha rett til uførepensjon, og etterlatne kan ha rett til etterlatnepensjon. Men for å ha rett til framtidig alderspensjon frå SPK, må du ha minst tre års oppteningstid på sparebøssa.

Er du mellombels tilsett i eit vikariat eller engasjement, så tel denne tida og – så lenge du arbeider i minst 20 prosent stilling samanhengande i ein månad. Det er nemleg minstegrensa for medlemskap per i dag.

Merk at minstegrensa for medlemskap har endra seg over tid. Før 1. april 2016 var for eksempel minstegrensa 37,5 prosent stilling.

Les meir om minstegrensa.

Sjekk kva oppteningstida di er

Er du nysgjerrig på kva oppteningstida di er, kan du logge inn på spk.no/min side og sjekke.

Det gjorde eg, og fann ut at eg har 12 år, 3 månader og 4 dagar på «sparebøssa» mi. Det er arbeidsgjevar som rapporterer inn dette til SPK.

På sparebøssa kan du òg fylle på med tid frå andre offentlege tenestepensjonsordningar. Det sørger Overføringsavtalen for. Denne avtalen mellom SPK og fleire andre leverandørar av offentleg tenestepensjon, gjer at du held fram å tene opp pensjon på same sparebøsse om du bytter arbeidsgjevar – så lenge dei har ei pensjonsordning omfatta av Overføringsavtalen.

Byter du jobb til ein arbeidsgjevar i privat sektor, «frys» sparebøssa og oppteningstida. Byter du tilbake til ein statleg eller kommunal arbeidsgjevar seinare, byggjer du vidare på oppteningstida.

Du kan logge inn på portalen norskpensjon.no og sjekke opptening hos ei rekke offentlege og private pensjonsordningar.

Når det kjem til pensjon er det ikkje så dumt å ta eit lite tilbakeblikk og sjekke sparebøssa.

30 år og du er i mål… kanskje

Med mine 12 år har eg sikra meg ein framtidig tenestepensjon frå SPK, og er nesten halvegs til neste milestolpe.

I dag er 30 år full oppteningstid i Statens pensjonskasse dersom du pensjonerer deg frå ei stilling i offentleg sektor. Då er sparebøssa di full. Har du har jobba lengre enn 30 år, vert pensjonen berekna ut frå dei beste åra.

Har du oppteningstid hos fleire offentlege tenestepensjonsordningar som er omfatta av Overføringsavtalen eg har fortalte om ovanfor, vert denne oppteningstida overført til ordninga du sist var medlem av når du skal pensjonere deg. Det er denne ordninga som bereknar og utbetaler pensjonen.

40 år – full oppteningstid for nokre

No lurer du kanskje på korleis det siste talet (40) passar inn. Det er no det blir komplisert.

Dersom eg jobbar i privat sektor når eg pensjonerer meg, blir pensjonen min frå SPK berekna annleis enn om eg framleis jobba i offentleg sektor.

I dette reknestykket kan full oppteningstid vere mellom 30 og 40 år. Når eg vart medlem i SPK første gang – og talet på år til aldersgrensa for stillinga – påverkar kva som vert full oppteningstid for meg når alderspensjonen reknast ut.

Slik bereknast alderspensjon for tidligare medlemar.

Kort fortalt kan du sannsynlegvis få meir i pensjon frå SPK dersom du arbeidar i offentleg sektor på pensjonerings-tidspunktet. Men det betyr ikkje at du får meir i pensjon totalt. Har du arbeidd i privat sektor, får du også pensjon frå ei privat tenestepensjonsordning. Pensjonsreknestykket vil altså sjå ulikt ut frå person til person.

Uansett kor i livet du er: når det kjem til pensjon, er det ikkje så dumt å ta eit lite tilbakeblikk og sjekke sparebøssa.